Kven synest du fortener Eldsjelprisen 2024? 20.11.24: Me nærmar oss slutten av året, og det er tid for å nominera sin kandidat til årets Eldsjelpris! Skriv ei kort grunngjeving og send inn til styret i Grannehjelpa (sjå kontaktinformasjon nedanfor). Fristen for innsending er 1. desember.
Bli med på Tematreff! 24.10.24: Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!
Kvam Internasjonale Kvinnegruppa (KIK), 16.10.24 16.10.24: Grannehjelpa i samarbeid med Øystese Sanitetlag starte opp Kvam Internasjonale Kvinnegruppa (KIK). Kvinnegruppa er ein møtestad for alle kvinner på tvers av alder, nasjonalitet, trusretning, farge og religion. Kom å bli kjent med nye folk.
KvammaVEKO 2024 er i gang! 14.10.24: KvammaVEKO 2024 er i gang! Sjekk ut fullt program for heile veka nedanfor. Håpar å sjå DEG der!
Nytt datakurs for eldre! 03.09.24: LHL Kvam, i samarbeid med Grannehjelpa, skipar til nytt datakurs for eldre. Har du lyst til å vera med, må du hugsa påmelding seinast innan 12. september. Me har avgrensa tal plassar, så her er det fyrstemann til mølla som gjeld!
Turprogram for hausten 2024 21.08.24: Grannehjelpa sine turgrupper har ferdigstilt turprogramma sine for hausten 2024. Her er det mange spanande og kjekke turar som DU kan vera med på! Sjå nedanfor for kvar turgruppe sin fullstendige plan. Dersom du føretrekk å ha oversikta på papir, kan du koma innom Grannehjelpa og få ein kopi. God tur!
Bli ein Vennefamilie 11.04.24: Me søkjer etter fleire familiar - både store og små - som har lyst til å vera med i Vennefamilie-prosjektet vårt. Å vera Vennefamilie er sosialt, lærerikt, og veldig kjekt. Ikkje berre får de bli kjend med ein familie de kanskje ikkje kjenner så godt frå før, men de får også tilbod om å vera med på kjekke familieaktivitetar, og små utflukter. Les meir om prosjektet i plansjen under, og ta kontakt med Sarifa dersom de lurer på noko, eller ynskjer å melda dykk på.
Årsmelding for 2023 19.03.24: Lurer du på kva Grannehjelpa hadde føre seg i 2023? Då kan du lesa årsmeldinga vår!
Turgruppa Trakkatrimmen startar opp att! 18.03.24: Turgruppa Trakkatrimmen har hatt ein liten pause sidan nyttår, men er no klare for oppstart rett over påsken. Ikkje berre bugnar turprogrammet deira over med flotte turmål og -ruter, men me er også så heldige å få med oss ein ny turleiar! Me ynskjer Aud varmt velkomen i turleiarfellesskapet, og gledar oss til ein vår med mange gode turopplevingar.
Vårprogram for turgruppene Fotalaget og Karatrakk 17.01.24: Turgruppa Trakkatrimmen tek pause fram til 2. april. Vårprogramma til turgruppene Fotalaget og Karatrakk er ferdigstilte, og kan sjåast i sin heilskap nedanfor.
Vil de bli ein vennefamilie? Bli med på Familiedagen! 07.12.23: Prosjektet Vennefamilie er snart i gang. Barnefamiliar som ynskjer seg ein vennefamilie er velkomne til Familiedagen på Hardanger Fartøyvernsenter 21. januar. Her får de bli kjend med andre familiar, gjera morosame aktivitetar, og løysa oppgåver saman.
Ledig 100% stilling som dagleg leiar i Stiftinga Grannehjelpa 26.10.23: Brenn du for frivilligheit og lokalsamfunn? Stiftinga Grannehjelpa er frivilligsentralen i Kvam og ein del av nettverket med 510 frivilligsentralar i Noreg. Frivilligsentralen skal vera eit kraftsenter, kontaktpunkt og møteplass for menneske, frivillige lag og det offentlege, open for alle som har lyst til å vera med. Viktige område for Grannehjelpa er integrering og inkludering, aktivitet på eldreinstitusjon og møteplassar. Sentralen har fast 1,5 årsverk, har heile kommunen som arbeidsfelt og samarbeider både med offentleg og frivillige aktørar. Dagleg leiar deltar i nettverk med andre frivilligsentralar. Dagleg leiar har ei nøkkelrolle i organisasjonen og rapporterer til styret.
Turprogram for hausten 2023 06.09.23: Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i haust. Sjå nedanfor for detaljar og kvar gruppe sitt fulle program.
Bli med til Mauranger! 06.09.23: Grannehjelpa sine turgrupper arrangerer kvar haust ein større fellestur ut av kommunen. I år går turen til Mauranger! Bli med på tur til Bondhusvatnet, middag i Olaløo, og besøk på Gardsmuseet på Eikenes.
Ledig stilling: leiar for nytt integreringsprosjekt 12.06.23: Vil du jobbe med integrering og kontakt mellom familiar og barn i Kvam? Me treng deg til prosjektet «Kompisfamiliar i Kvam»; eit prosjekt innretta mot barn og familiar etter mønster av «KvammaKompis». Med atterhald av finansiering lyser Grannehjelpa, frivilligsentralen i Kvam, ut inntil 1 års engasjement som prosjektleiar, stillingsstorleik 50-100%.
Jubileumsfest for Fotalaget, 11.03.23 02.03.23: Turgruppa Fotalaget fyller 20 år i år - og det må sjølvsagt både markerast og feirast! I dette høvet, er alle som ynskjer - om dei er medlem av Fotalaget eller ei - invitert til flott jubileumsfest. Sjå under for offisiell invitasjon.
Solidaritetsmarkering for Ukraina 23.02.23: Fredag 24. februar, på eittårsdagen for Russland sitt fullskala-angrep, står verda saman for å markera si støtte til Ukraina. Møt opp i kyrkja i Norheimsund, og gå saman med oss i fakkeltoget.
Turgruppene sine turprogram for våren 2023 23.02.23: Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i vår. Sjå nedanfor for detaljar og fullt program.
Frivilligfest med middag og utdeling av Eldsjelprisen, 26.01.23 12.01.23: Kjære du som er, har vore, eller ynskjer å verta frivillig. Me i Grannehjelpa har gleda av å ynskja deg velkomen til Frivilligfest med middag, underhalding, og utdelinga av Eldsjelprisen for 2022. Herlegheita tek stad på Berge gard og gartneri torsdag 26. januar frå kl. 16. Hugs påmelding via telefon, e-post, eller skjemaet under. Det er avgrensa tal plassar, så fyrstemann til mølla-prinsippet gjeld.
Sykkelturen 2022, generasjonsleikar i Ålvik 20.06.22: Kom å bli med på generasjonsleikar i Ålvik! Ta med heile familien og leik med oss!
Bli med på gratis busstur for å feire frivilligheita søndag 26.06.22 15.06.22: Bli med på ein kjekk gratis busstur for å oppleva Sykkelturen 2022. Meld deg på i dag! Der er rift om plassene.
Mottak av klær og leikar, 28.04.22 13.04.22: Grannehjelpa organiserar mottak av klær og leikar til flyktningar. Me er stolte over å få bidra! Vil du vera med ta kontakt via nettsiden eller send oss ein e-post på post@grannehjelpa.no
Jubileumsfest: Grannehjelpa 25 år, 23.04.22 24.03.22: Grannehjelpa fyller 25 år! Me vil feira dagen med alle dykk som som bidreg med frivillig arbeid i Kvam. Det vert underhalding, middag, kaffi og kaker. Finn fram finstasen og bli med og feira dykk sjølve og kvarandre! Påmeldingsfrist tysdag 19. april.
Generalforsamling 2022 22.03.22: Velkommen til Stiftinga Grannehjelpa si generalforsamling torsdag 31.03 på Gamleskulen på Norheim. Alle er velkomne! Desse har uttale- og stemmerett på årsmøtet: Innskytarar av grunnkapital, frivillige i stiftinga, samarbeidande grupper og organisasjonar.
Språktreff, 22.02.22 21.02.22: Bli med på Språktreff. Åpent for alle som treng å snakka meir norsk. Me møtast på biblioteket kl. 17.45. klar for tur i nærområdet. Husk varme kle og refleks.
Velkomne med æra på Thon Hotel Sandven, 23.02.22 09.02.22: Velkomne med æra: seniormiddag på Thon Hotel Sandven onsdag 23. februar kl. 14-16.
Språktreff, 08.02.22 07.02.22: Bli med på Språktreff. Åpent for alle som treng å snakka meir norsk. Møt på biblioteket kl. 17.45. Denne veka skal me gå tur. Husk varme kle og sko og refleks.
Velkomne med æra på Thon hotel Sandven, torsdag 16.desember kl.14-16, 16.12.21 30.11.21: Velkomne med æra på Thon hotel Sandven, torsdag 16.desember kl.14-16
Velkomne med æra på Fritun på Oma, tysdag 30.november kl.14-16, 30.11.21 08.11.21: Ver velkomne med æra på Fritun på Oma. Barmen diskar opp med heimelaga varm mat: Kylling og ratatouille og tilslørte bondepiker til dessert. Edmund Tolo fortel litt om historia til Fjellstrand. Arngunn Timenes Bell har med elevar frå Kvam kulturskule. Dei vil spela for oss. Middagen kostar 100 kr pr. person som betalast kontant eller med vipps ved oppmøte. Avgrensa antal plassar, så "fyrstemann til mølla" gjeld. Påmelding innan 22.november. Grannehjelpa arrangerer middagen med støtte frå Helsedirektoratet.
Jubileumsfest Grannehjelpa 25 år, 05.12.21 05.11.21: Grannehjelpa fyller 25 år. Me vil feira dagen med alle dykk som som bidrar med frivillig arbeid i Kvam. Det vert underhaldning, middag, kaffe og kaker. Finn frem finstasen og bli med å feira frivilighetens dag. Påmeldingsfrist onsdag 24/11.
Velkomne med æra på Gamlastovo gardsrestaurant, Fykse, 11.11.21 18.10.21: Ver velkomne med æra på Gamlastovo gardsrestaurant på Fykse. Arne diskar opp med heimalaga korv med potestappe, tomatsalat og pesto. Dessert: Vaniljeis med lunt plommesylt og kaffi. I tillegg fortel Arne litt om om garden, om hardingfela og spelar eit par slåttar for oss. Middagen kostar 100 kr pr.person. Betalast kontant eller på vipps ved oppmøte. Avgrensa antal plassar, så "fyrst til mølla" gjeld. Påmelding innan 1.november. Grannehjelpa arrangerer middagen med støtte frå Helsedirektoratet.
Tur for alle turgruppene 15.10.21: Turgruppene inviterer til fellestur til Osterøy. Meld deg på til ein hyggeleg og lærerik tur.
Eldsjelprisen 2021 07.10.21: Kven kjenner du som fortene honnør for sitt frivillige virke? Kven synes du bør få heder og ære for sitt samfunnsengasjement?
28.09.21: Grannehjelpa er så heldige å få lov til å vera med å arrangera KvammaVEKO i anledning Verdensdagen for psykisk helse i 2021. Vi gler oss til å treffe deg på eit av de spennede arrangementa. Andre aktørar som er med å arrangera: 1. Kvam herad ved: Avd. ROP(Rus og psykisk helse), folkehelsekoordinator, leiar av bibliotektjenesta og utekontakt. 2. Organisasjonen Mental helse 3. Frivillige i Kvam.
Velkomne med æra på Folkets hus i Ålvik, 20.10.21 14.09.21: Grannehjelpa ønskjer seniorer i Kvam velkommen til duk og dekka bord på Folkets hus i Ålvik onsdag 20.oktober kl.13- 15.
ReDesign, 14.09.21 11.08.21: Er du av dei som likar å skapa noko nytt av noko gamalt? Då er du HJARTELEG VELKOMEN til Gamleskulen ReDesign. Brita Træbakken er kreativ primus motor, og held verkstaden open kvar andre tysdag i månaden. Det er inga påmelding, berre å møte opp!
Seniortreff kl 13-15, 17.09.21 08.07.21: Grannehjelpa ønskjer seniorar frå heile Kvam velkomen til duk og dekka bord på Berge Gard og Gartneri i Tørvikbygd fredag 17. september kl 13-15
Takk for meg 25.06.21: Kjære alle de som eg har vore så heldig å få jobbe saman med – i smått og stort – dei siste åra 💚
Seniortreff kl 1230-1500, 12.08.21 22.06.21: Grannehjelpa ønskjer seniorar frå heile Kvam velkomen til duk og dekka bord I Halvardsnaustet i Strandebarm torsdag 12. august kl 1230-1500
Frivillige vaksinevaktar 21.06.21: I samband med vaksineringa trengs det frivillig vaksinevaktar i Øystesehallen i slutten av juli og heile august. Har du nokre timar å avsjå ein dag eller to?
Medarbeidarsamling, 18.06.21 07.06.21: Grannehjelpa ønskjer frivillige og samarbeidspartar hjarteleg velkomen til medarbeidsamling fredag 18. juni kl 1330 på Thon Hotel Sandven.
Seniortreff, 04.07.21 07.06.21: Grannehjelpa ønskjer seniorar frå heile Kvam velkomen til duk og dekka bord på Thon Hotel Sandven sundag 4. april kl 15-17.
Seniortreff kl 1600-1830, 12.08.21 05.06.21: Grannehjelpa ønskjer seniorar frå heile Kvam velkomen til duk og dekka bord I Halvardsnaustet i Strandebarm torsdag 12. august kl 1600-1830
Seniortreff, 10.06.21 31.05.21: Grannehjelpa ønskjer seniorar frå heile Kvam velkomen til duk og dekka bord på Hardangerfjord hotell torsdag 10. juni kl 15-17.
Dikt til varme, gode sommardagar 27.05.21: Superduoen Randi Jåstad og Ragna Helene Soldal rundar av vårsesongen av tematreff i Torefjell med "Litteratur for varme, gode sommardagar". Her vil dei presentera luftige og sommarlege dikt, og koma med ein heil drøss med heite boktips. Om du vil førebu deg til treffet, kan du lesa alle dikta i lenkja under. (Bøkene skal vera ei overrasking!)
ReDesign startar opp att til hausten 04.05.21: Grunna korona fekk ikkje ReDesign starta opp att på Gamleskulen denne våren. Me satsar på at hausten vert betre, og at me får invitera til kreativ gjenbruk like etter sommarferien. Som før, vil ReDesign ta stad andre tysdag i månaden kl. 18 i Gamleskulen på Norheim.
Brenn du for frivilligheit og lokalsamfunn? Grannehjelpa søkjer ny dagleg leiar 16.04.21: Er du oppteken av frivillig arbeid og likar å jobbe med menneske? Vår daglege leiar gjennom 10 år sluttar, og vi søker etter ny dagleg leiar i fortrinnsvis 100% stilling. Søknadsfrist 1. mai.
Saman på nett 13.04.21: Korleis bruka digitale verktøy til organisert interaktivitet? Dette har frivilligsentralane og biblioteka i Kvam og Klepp med støtte av Gjensidigiestiftelsen prøvd ut gjennom prosjektet "Saman på nett".
Generalforsamling i Grannnehjelpa 30.03.21: Styret i Stiftinga Grannehjelpa kallar inn til Generalforsamling onsdag 7. april kl 18. Alle med interesse for frivillig arbeid er hjarteleg velkomen til å delta.
Tematreff: program for april 26.03.21: Programmet for tematreff i april er endeleg klart! Ta ein titt på alt det kjekke du har i vente nedanfor.
Turgruppene sitt turprogram for våren 2021 22.03.21: Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i vår. Sjå nedanfor for tidspunkt og fullt program.
Grannelag: Seniormiddag på Thon Hotel Sandven, 24.03.21 12.03.21: Thon Hotel Sandven og Grannehjelpa startar opp att med Grannelag i mars.
Vil du vera med og påverka din eigen alderdom? 12.03.21: Eldrereforma "Leve hele livet" er regjeringa si hovudsatsing for at eldre kan meistra livet lenger, og ha ein trygg, aktiv og verdig alderdom. Kvam herad er i gang med å laga ein strategiplan for reforma, og ynskjer i det høvet ein brei medverknad i prosessen. Dette tyder at nettopp du kan vera med og påverka din eigen og andre sin alderdom.
Generalforsamling i Stiftinga Grannehjelpa, 07.04.21 11.03.21: Styret i Stiftinga Grannehjelpa kallar inn til Generalforsamling onsdag 7. april kl 18
Årsmelding 2020 03.03.21: Nyfiken på kva Grannehjelpa hadde føre seg i 2020? Ta gjerne ein kikk i årsmeldinga vår.
Ny ordning for fordeling av tilskot til frivilligsentralar 03.03.21: Kulturdepartementet ynskjer innspel frå frivilligsentralane rundt om i landet på korleis ny forskrift for tilskot bør innrettast for å leggje til rette for mest mogleg frivillig aktivitet. Styret i Grannehjelpa hadde denne veka ekstraorindært møte for å drøfte saka.
"Fredag i farta" i Kabuso kl 11-13, 12.03.21 25.02.21: Gjennom "Fredag i farta" inviterer Grannehjelpa til utflukt til ulike stader i Kvam. Me saknar sosiale fellesskap for vaksne og håpar du vil vera med til Øystese og Kabuso 12. mars kl 11, kor me få oppleva den nye utstillinga før me et lunsj i lag.
Aktivitet i vinterferien 24.02.21: Ja! Det vert aktiviteter for born og unge i vinterferien. Litt redusert grunna korona-situasjonen, men mykje å gle seg til likevell.
Grannehjelpa opnar med avgrensa opningstid 24.02.21: Grannehjelpa har fått lov til å opna kontoret igjen, men må av smittevernhensyn halda fram med avgrensa opningstid. Sjå oppdaterte opningstider nedanfor.
VARME FØTER i kvam 24.02.21: Har du tid, lyst og restegarn på lur til å laga småplagg som labbar, panneband, eller kanskje vottar og huer? Grannehjelpa og Biblioteket inviterer til aksjon VARME FØTER i Kvam.
Dikt i vilden sky - les alle dikta her! 17.02.21: Har du tenkt til å vera med på tematreffet "Dikt i vilden sky - del to av Dikt i 1000 år", og kunne tenkt deg å lesa dikta på førehand? Klikk på lenkja under, og få opp alle tekstane som Randi Jåstad og Ragna Helene Soldal skal presentera!
GOD BOK: ein god start på dagen, 18.02.21 16.02.21: Kva er vel betre enn å starta dagen med ei roleg stund og ei god bok?
Stengt ei veke til 15.02.21: Korona-situasjonen råkar og Grannehjelpa, og kontoret er stengt for publikum til 21. februar.
Frå Håvamål til rosemalte selfies - les alle dikta her! 03.02.21: Har du tenkt til å vera med på tematreffet "Frå Håvamål til rosemalte selfies", og kunne tenkt deg å lesa dikta på førehand? Klikk på lenkja under, og få opp alle tekstane som Randi Jåstad og Ragna Helene Soldal skal presentera!
Lions Club Norheimsund leverer strøsand heim til deg! 18.01.21: Tradisjonen tru, tilbyd Lions Club Norheimsund sal og heimlevering av strøsand.
Programmet for tematreff i januar er klart! 05.01.21: Tematreff i Torefjell held fram i 2021, og no er endeleg programmet for januar månad klart! Me er stolte over å kunna tilby eit mangfaldig og variert innhald, og håpar det skal vera noko her for ein kvar smak. Set av datoane, og klikk deg inn på lenkja under kvar torsdag kl. 18 for å vera med!
Grannehjelpa har avgrensa opningstid dei neste to vekene 05.01.21: Grunna dei nye smittevernsråda frå både nasjonale og lokale myndigheiter, har Grannehjelpa avgrensa opningstid dei neste to vekene. Frå tysdag 5. januar til og med fredag 16. januar vil kontoret vera ope tysdagar til fredagar frå kl. 10 til 13. Om du treng å koma i kontakt med oss utanom opningstida, er me tilgjengelege på e-post og telefon.
Julekalenderquiz: alle spørmåla 24.12.20: Her finn du alle spørsmåla i årets julekalenderquiz. Finn løysingssetninga, og bli med i trekninga av eitt av fire gåvekort. Meir informasjon om innsending av svar, finn du nedst i denne artikkelen.
Er du i beit for julegåve? 16.12.20: Hos Grannehjelpa har me gåver som du gjerne må komme innom å hente og gje til nokon du bryr deg om.
Nyfiken på dei nybakte bygdemødrene i Kvam? 15.12.20: Les meir om dei nybakte bygdemødrene i desse artiklane frå Hordaland Folkeblad frå fredag 4. desember og tysdag 8. desember.
Bli med på Grannehjelpa sin adventskalender! 14.12.20: Bli med på Grannehjelpa sin adventskalender, og ver med i trekninga av gåvekort!
Desemberprogrammet for tematreff på internett er klart! 08.12.20: Tematreff på internett har allereie teke stad åtte gongar i haust - men me er langt i frå ferdige med å finna på kjekke, morosame og lærerike digitale aktivitetar. Faktisk, så har me planlagt å ha tematreff kvar veke i heile desember - til og med i romjula! Sjå fullt program lenger ned!
Julegåvetips: gje eit gåvekort med gode stunder! 04.12.20: Dei beste julegåvene treng ikkje kosta mykje pengar. Faktisk, treng dei ikkje å kosta pengar i det heile. Det finaste ein kan gje eit anna menneske er nemleg ikkje ting eller krims krams, men littegrann av seg sjølv og si eiga tid.
Samling for deg som har vore med på Tematreff i Torefjell, 07.12.20 01.12.20: Har du vore med på eitt eller fleire av tematreffa i Torefjell i haust? Då vil me gjerne invitera deg til samling for å høyra litt om korleis du har opplevd dette.
Kjøleskåpsgraut, oppskrifter 25.11.20: Var du med på tematreff i Torefjell onsdag 25. november og vil ha oppskrifter på kjøleskapsgraut? Då må du klikke deg inn her.
Lunsj i lag på Kabuso, 03.12.20 24.11.20: Torsdag 3. desember kan du vera med Grannehjelpa i Kabuso. Det vert omvisning i utstillinga før me et varm lunsj i lag etterpå. Hugs påmelding!
GranneLAG - seniormiddag, 25.11.20 18.11.20: Velkomen til GranneLAG (og ørlitegranne bingo) på Thon Hotel Sandven siste onsdag i november. Du kan melde deg på her, eller du kan ringe/sende sms til 480 72 456. Det avgrensa tal plassar
Nytt tilbod: Lunsj i lag 18.11.20: I desember startar me ein ny aktivitet i Grannehjelpa: Lunsj i lag. Saman med lokale aktørar inviterer me til mat og prat i førjulstida.
Eldsjelprisen 2020 16.11.20: Kjenner du nokon som fortene honnør for sitt frivillige virke? Nokon som bør få heder og ære for sitt samfunnsengasjement? Nominer kandidatar til Eldsjelprisen 2020 innan 18. november på epost post@grannehjelpa.no
Tematreff på internett 12.11.20: Velkomen til våre nye møteplass på internett. Du finn program for hausten og lenke til det digitale møterommet om du klikkar deg inn på artikkelen.
Møt oss på internett 06.11.20: Kva med å lera å lage sunn mat, få treningstips, få informasjon om korona og inspirasjon til å sjå moglegheiter? Fire onsdagar frametter kan du få med deg dette, frå eiga stove. Klikk på lenka nedanfor for å vera med.
Treng du møterom på internett? 06.11.20: Treng du møterom på internett har Grannehjelpa fleire rom til gratis utlån.
Me fullfører KvammaVEKO i november! 20.10.20: Grunna dei nye oppmodingane til smitteverntiltak, har arbeidsgruppa bak KvammaVEKO kome fram til at det ikkje er forsvarleg å gjennomføra programmet som planlagt neste veke. Me kjem difor tilbake med KvammaVEKO fyrst i 2021.
Bydelsmor går til bygda 06.10.20: Saman med Drammen, Grong og Levanger, er Kvam ein av fire kommunar som får vera med i pilotprosjektet "Bydelsmor går til bygda". Prosjektet har fått det lokale namnet "Bygdemor", men følgjer læringsplanen til moderorganisasjonen Bydelsmødre Norge. I løpet av hausten vil prosjektet ha fostra 12 nybakte bygdemødre.
Arrangement med Tore Renberg AVLYST! 01.10.20: Grunna sjukdom har dessverre Tore Renberg måtta avlysa arrangementa under årets KvammaVEKO.
Endringar i KvammaVEKO-programmet 25.09.20: Grunna det nye utbrotet av COVID-19 har arbeidsgruppa bak KvammaVEKO måtta gjera visse endringar i programmet. Klikk på saka for å få oversikt over kva for arrangement som er utsett og avlyst.
Fellesskap for framtida 26.08.20: Er du 60+ og har lyst å vera med å teste ut sosiale møteplassar på internett? Me vil veldig gjerne ha deg med på laget!
Turgruppene sine haustprogram er klare 24.08.20: Turleiarane i Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk er klar med turprogrammet for hausten og håpar mange vil vera med ut å gå.
Hjarteleg takk til Rossvollrussen 2020! 18.08.20: Grannehjelpa ynskjer å retta ei stor og audmjuk takk til Rossvollrussen 2020, som valde å donera overskotet frå årets russeavis til oss.
Ferieaktivitet for barn og unge 17.06.20: Summer holiday activities for children and youths aged 11–18 in Kvam ንጥፈታት ኣብ ግዜ ዕረፍቲ ንቆልዑን ንኣሽቱን ኣብ ክቫም ካብ 11–18 ዓመት ዝዕድሚኦም Firfircoonida fasaxa Ee caruurta iyo dhalinyarada Kvam ee ah 11–18 نشاطات العطلةللأطفال و الشباب فى كفام لسن 11-18 عام
KvammaVEKO 2020 12.06.20: Det vert KvammaVEKE dette året og! Programmet er i ferd med å ta form, så merk av veke 40 i kalenderen.
Me treng frivillige til aktivitetstilbod til barn og unge 11.06.20: Det er viktig at barn og unge har eit aktivitetstilbod i skuleferien. Det er EKSTRA viktig denne sommaren når mange skal vera heima i Kvam. Barn og unge i alderen 11 til 18 år får dette året tilbod om ulike aktivitetar i veke 25, 26 og 27.
Trening med Ragnhild, 03.06.20 29.05.20: Bli med på trening med Ragnhild, frå eiga stove. Du brukar di eige datamaskin, nettbrett eller mobil.
Presentasjon Generalforsamling 28.05.20: Presentasjon frå Grannehjelpa si Generalforsamlinga torsdag 28. mai
Kvifor vera frivillig i Grannehjelpa? 27.05.20: Hausten 2019 tok Gro Liland kontakt med Grannehjelpa, og melde seg til frivillig teneste. Kvifor gjorde ho da? Me har spurt Gro om dette, og her kan du lese kva motivasjonen var og kvifor ho synes frivillig arbeid er viktig og meingsfullt.
Gladmelding! Vi opnar for publikum! 27.05.20: Veke 22, frå 27. mai, opnar Grannehjelpa for publikum igjen! Vi startar litt forsiktig i desse Korona tider, og held difor berre ope onsdagar og torsdagar kl 10-15. Vi gler oss til å sjå deg, velkomen innom!
Gratis "Plukkpose"! 27.05.20: Grannehjelpa har skaffa vaskbare posar som du kan plukke bos i når du går tur. Kom innom onsdag eller torsdag 10-15 (frå veke 22) og få ein gratis!
Instruksjonar for bruk av Whereby 13.05.20: Nye tider krever nytenking og nye løysingar. Sjølv om me for tida ikkje kan møtast andlet til andlet, tyder ikkje det at me ikkje kan treffast. Me kan nemleg møtast på internett - der me både kan sjå og høyra kvarandre.
Generalforsamling 13.05.20: Generalforsamling Stiftinga Grannehjelpa Tid: Torsdag 28. mai kl 18 Stad: Digitalt møterom på Whereby: https://grannehjelpa.whereby.com/vesoldo
Turgruppene startar! 06.05.20: Hurra! I veke 20 startar turgruppene oppatt! Likevel er det noko viktig du og vi må hugse på, Korona pandemien er ikkje over, og vi må alle følgje smittevernreglane for å få arrangere turane.
Språktreff 06.05.20: Visste du at språktreffet er kvar tysdag kl 18-19 sjøl om det er Korona? No kan du vera med sjøl om du sit heime! Ja, det stemmer, vi snakkast kvar tysdag, men brukar Whereby for å "møta" kvarandre.