KvammaVEKO 2020
Det vert KvammaVEKE dette året og! Programmet er i ferd med å ta form, så merk av veke 40 i kalenderen.KvammaVEKO er vår markering av Verdsdagen for psykisk helse. Målet med "veko" er å skape rom for å snakke om den psykiske helsa vår, og tema for dette året er "Spør meir". Alle har behov for å bli sett. Det å bli sett gjer ei kjensle av å høyre til og vera viktig. Å høyre til er grunnleggjande for god psykisk helse. Ein kan lese meir om Verdsdagen på www.verdensdagen.no
Arbeidsgruppa har sjølvsagt allereie vore i sving ei stund. Nokre programpostar er allereie på plass, og det er berre å gle seg til resten.
Del på:
-
Bli med på tematreff!
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!
-
Bli med til Mauranger!
Grannehjelpa sine turgrupper arrangerer kvar haust ein større fellestur ut av kommunen. I år går turen til Mauranger! Bli med på tur til Bondhusvatnet, middag i Olaløo, og besøk på Gardsmuseet på Eikenes.
-
Turprogram for hausten 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i haust. Sjå nedanfor for detaljar og kvar gruppe sitt fulle program.
-
Ledig stilling: leiar for nytt integreringsprosjekt
Vil du jobbe med integrering og kontakt mellom familiar og barn i Kvam? Me treng deg til prosjektet «Kompisfamiliar i Kvam»; eit prosjekt innretta mot barn og familiar etter mønster av «KvammaKompis». Med atterhald av finansiering lyser Grannehjelpa, frivilligsentralen i Kvam, ut inntil 1 års engasjement som prosjektleiar, stillingsstorleik 50-100%.
-
Turgruppene sine turprogram for våren 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i vår. Sjå nedanfor for detaljar og fullt program.