Julekalenderquiz: alle spørmåla

Her finn du alle spørsmåla i årets julekalenderquiz. Finn løysingssetninga, og bli med i trekninga av eitt av fire gåvekort. Meir informasjon om innsending av svar, finn du nedst i denne artikkelen.

1. DESEMBER
Kva er adressa til Grannehjelpa?
Ta vare på den tiande bokstaven i svaret

2. DESEMBER
Kva heiter gruppa med frivillige som arrangerer aktivitetar som song og musikk, trim og velvære, historie og bingo, på Mikkjelsflaten?
Ta vare på den tredje bokstaven i svaret

3. DESEMBER
Kva vert markert under den årlege festivalen KvammaVEKO?
Ta vare på den fjerde bokstaven i svaret

4. DESEMBER
Kva heiter Grannehjelpa sin frivilligpris, som vart utdelt no i desember?
Ta vare på den fyrste bokstaven i svaret

5. DESEMBER
Kvam bibliotek og Grannehjelpa arrangerer ein vekentleg aktivitet for dei som vil øva på å snakka norsk. Kva heiter den?
Ta vare på den fjerde bokstaven i svaret

6. DESEMBER
Thon Hotel Sandven opnar spisesalen sin for seniormiddag siste onsdag kvar månad. Kva heiter aktiviteten?
Ta vare på den sjuande bokstaven i svaret

7. DESEMBER
Kva heiter den hardtarbeidande og alltid like blide daglege leiaren i Grannehjelpa?
Ta vare på den femte bokstaven i svaret

8. DESEMBER
Julestjerne er den mest populære juleblomen i Noreg. Kva er det vitskaplege namnet?
Ta vare på den åttande bokstaven i svaret

9. DESEMBER
Filmen Tre nøtter til Askepott har vorte ein norsk juleklassikar, mykje på grunn av den norske forteljarstemma. Kva heiter mannen bak stemma?
Ta vare på den femte bokstaven i etternamnet

10. DESEMBER
Julenissen har, som kjend, ein makker som heiter Rudolf, som er raud på nasen. Kva slags dyr er han?
Ta vare på den andre bokstaven i svaret

11. DESEMBER
Fullfør songteksten: "den blankeste ta alle, hu er så klar og stor, du ser 'a over taket der 'a _____________ bor".
Ta vare på den femte bokstaven i svaret

12. DESEMBER
Kven har skrive forteljinga om Snekker Andersen og julenissen?
Ta vare på den sjette bokstaven i etternamnet

13. DESEMBER
Lussekattar skal vera gule på fargen for å symbolisera sola og lyset. Kva for krydder nyttar ein, tradisjonelt sett, for å få lussekattane gule?
Ta vare på den sjette bokstaven i svaret

14. DESEMBER
Kven har skrive teksten til Det lyser i stille grender?
Ta vare på den femte bokstaven i svaret

15. DESEMBER
I haust har Grannehjelpa samarbeida med den nasjonale organisasjonen Bydelsmødre Norge om å kursa kvinner med minoritetsbakgrunn i det offentlege lokalsamfunnet og vegleiing. Målet er at desse kvinnene skal bli brubyggjarar mellom det offentlege og minoritetsfamiliar. Kva tittel har desse kvinnene fått her lokalt?
Ta vare på den femte bokstaven i svaret

16. DESEMBER
Kvar tek aktivitetar som Kafé Norheim og ReDesign stad?
Ta vare på den sjette bokstaven i svaret

17. DESEMBER
Grannehjelpa arrangerer tre turgrupper: Fotalaget, Karatrakk og _____________.
Ta vare på den sjuande bokstaven i svaret

18. DESEMBER
Kven er styreleiar i Grannehjelpa?
Ta vare på den fjerde bokstaven i førenamnet

19. DESEMBER
I haust har Grannehjelpa starta med ein vekentleg aktivitet på internett, der me blant anna har hatt bokpresentasjon, føredrag om søvn, og samtale med Frank Kjosås. Kva heiter aktiviteten?
Ta vare på den tredje bokstaven i svaret

20. DESEMBER
Fullfør Inger Hagerup sitt adventsvers: "Vi tenner fire lys i kveld og lar dem brenne ned. For lengsel, glede, håp og fred, men mest allikevel for fred, på denne _____ jord, hvor menneskene bor".
Ta vare på den femte bokstaven i svaret

21. DESEMBER
Denne drikken heiter "mulled wine" i Storbritannia og "glühwein" i Tyskland. Kva heiter den i Noreg?
Ta vare på den andre bokstaven i svaret

22. DESEMBER
Hendingane i Henrik Ibsen sitt skodespel Et dukkehjem tek stad i romjula. Kva heiter hovudkarakteren?
Ta vare på den tredje bokstaven i etternamnet

23. DESEMBER
I kveld skal mange sjå på hovmeistaren som snublar seg gjennom eit middagsselskap. Kva er førenamnet til vertinna?
Ta vare på den andre bokstaven i svaret

24. DESEMBER
Byrjinga av juleevangeliet går slik: "og det skjedde i de dager at det gikk ut et bud fra keiser Augustus at all verden skulle skrives inn i ________".
Ta vare på den fyrste bokstaven i svaret



Har du funne løysingssetninga, som gøymer seg bak alle dei oppsamla bokstavane? Då kan du bli med i trekninga av eitt av fire gåvekort! Me har gåvekort hos Nille og Lokalen i Norheimsund, og Felleskjøpet og Huus bokhandel i Øystese. For å vera med i trekninga må du senda løysingssetninga + namet ditt på e-post eller SMS til Grannehjelpa: helena@grannehjelpa.no / 480 72 456 seinast 29. desember kl. 23.59. Trekninga tek stad den 30. desember.

Lukke til!

2024 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam