Eldsjelprisen 2020
Kjenner du nokon som fortene honnør for sitt frivillige virke? Nokon som bør få heder og ære for sitt samfunnsengasjement? Nominer kandidatar til Eldsjelprisen 2020 innan 18. november på epost post@grannehjelpa.noPrisen vert gitt til ein initiativrik person, lokal organisasjon eller gruppe som har gjort ei bemerkelsesverdig innsats for lokalsamfunnet. Skriv ei kort grunngjeving, og send inn forslag til styret i Grannehjelpa, Sandvenvegen 1B, 5600 Norheimsund eller post@grannehjelpa.no
Forslag må vera i hende innan 18. november
I tillegg til diplom og gåve, får prismottakar kr 5 000,- som vedkommande skal gje vidare til ein lokal organisasjon etter eige ønskje.
Styret i Grannehjelpa vurdere alle innkomne forslag i møte 25.11.20. Prisen vert delt ut i starten av desember.
Eldsjelprisen vert delt ut i samarbeid med Sparebanken Vest.
Del på:
-
Bli med på tematreff!
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!
-
Bli med til Mauranger!
Grannehjelpa sine turgrupper arrangerer kvar haust ein større fellestur ut av kommunen. I år går turen til Mauranger! Bli med på tur til Bondhusvatnet, middag i Olaløo, og besøk på Gardsmuseet på Eikenes.
-
Turprogram for hausten 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i haust. Sjå nedanfor for detaljar og kvar gruppe sitt fulle program.
-
Ledig stilling: leiar for nytt integreringsprosjekt
Vil du jobbe med integrering og kontakt mellom familiar og barn i Kvam? Me treng deg til prosjektet «Kompisfamiliar i Kvam»; eit prosjekt innretta mot barn og familiar etter mønster av «KvammaKompis». Med atterhald av finansiering lyser Grannehjelpa, frivilligsentralen i Kvam, ut inntil 1 års engasjement som prosjektleiar, stillingsstorleik 50-100%.
-
Turgruppene sine turprogram for våren 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i vår. Sjå nedanfor for detaljar og fullt program.