-
Arbeidslos 2025
Er du nokon med innvandrar bakgrunn, mellom 18 - 55 år og slite med å komme deg ut i arbeid? Bli med i vårt prosjekt, Arbeidslos: Medvandrar inn i arbeidsliv. Arbeidslos skal verke førebyggande og vere eit inkluderingsprosjekt. Prosjektet vil jobbe opp mot å skape ei bru mellom innvandrarar og arbeidsmarknad. Metode – Kursing, workshop, bedriftsbesøk og kopling med ein medvandrar som skal støtte deg og vise vegen.
Turgruppene startar!
Hurra! I veke 20 startar turgruppene oppatt! Likevel er det noko viktig du og vi må hugse på, Korona pandemien er ikkje over, og vi må alle følgje smittevernreglane for å få arrangere turane.Desse smittevernreglane gjeld på turane våre:
Du må du ikkje møte viss du har ein forkjølelse på gang, eller kjenner deg uvel. Viss du er i karantene skal du sjølvsagt halde deg heime.
På tur må du hugse å halde avstand på 1-2m til dei du ikkje bur saman med, sjølv om de er ute. Unngå å ta andre i handa, og vent med klemming til pandemien er over.
Ta med niste og drikke. Ikkje del, for det kan føre til smitte. Viss du må køyre til oppmøtestad, må du bruke eigen bil og ikkje ta med andre enn dei du bur saman med.
Vi gler oss til å starte opp, og til å sjå deg der!
Fotalaget 12. mai kl 11
Trakkatrimmen 12. mai kl 1130
Karatrakk 13. mai kl 1100
Alle gruppene har oppmøte ved parkeringa ved Spar i Norheimsund.
Del på:
-
Her kan du lesa årsmeldinga for 2024!
2024 var eit spanande år for Grannehjelpa - og no kan du endeleg få lesa om heile sulamitten i årsmeldinga vår!
-
Bli med på Tematreff!
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!
-
Høyrselhjelpa sine kontortider våren 2025!
Kvam Høyrsellag sine likepersonar held fram med tilbodet sitt om Høyrselhjelp også i 2025. Høyrselhjelparane kan, til dømes, hjelpa med enkelt vedlikehald av høyreapparat, og låna ut samtaleforsterkarar. I tillegg, sel dei batteri, filter, og anna naudsynt utstyr. Dei har kontortid i Grannehjelpa sine lokal den fyrste og tredje torsdagen i månaden frå kl. 10 til 12. Sjå fullstendig datooversikt nedanfor. Velkomen innom!
-
Turprogram for våren 2025!
2025 er godt i gang, og Grannehjelpa sine turgrupper traskar vidare! Turleiarane i Fotalaget, Trakkatrimmen, og Karatrakk har hatt planleggingsmøte denne veka, og sett opp turprogram med mange spanande turmål! Sjå fullstendig oversikt nedanfor. Merk at Trakkatrimmen fyrst startar opp att den 4. mars!