Gåve

Uventa pengegåve til fire prosjekt i Grannehjelpa.

Ei privatperson donerte denne veka ei stor pengegåve til Grannehjelpa. Vedkomande valde å fordele gåva på fire prosjekt

  • Bygdemor: Bydelsmødre går til bygda
  • KvammaVEKO 2020
  • Saman på nett 
  • Marking av Kvinnedagen 8. mars

Det er ikkje ofte Grannehjelpa mottek pengegåve utan å ha søkt om det, så dette var både overaskande og veldig velkoment. HJARTELEG TAKK til gjevaren som ikkje ønskjer namnet sitt "på trykk".

Flere nyheter

Bli ein Vennefamilie

Me søkjer etter fleire familiar - både store og små - som har lyst til å vera med i Vennefamilie-prosjektet vårt. Å vera Vennefamilie er sosialt, lærerikt, og veldig kjekt. Ikkje berre får de bli kjend med ein familie de kanskje ikkje kjenner så godt frå før, men de får også tilbod om å vera med på kjekke familieaktivitetar, og små utflukter. Les meir om prosjektet i plansjen under, og ta kontakt med Sarifa dersom de lurer på noko, eller ynskjer å melda dykk på.

2024 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam