Vil de bli ein vennefamilie? Bli med på Familiedagen!

Prosjektet Vennefamilie er snart i gang. Barnefamiliar som ynskjer seg ein vennefamilie er velkomne til Familiedagen på Hardanger Fartøyvernsenter 21. januar. Her får de bli kjend med andre familiar, gjera morosame aktivitetar, og løysa oppgåver saman.

VIKTIG! Det er avgrensa tal plassar, så påmelding er naudsynt.

Påmelding gjerast til Sarifa seinast 5. januar:

E-post: sarifa@grannehjelpa.no

Telefon: 913 66 184.

---

Flere nyheter

Bli ein Vennefamilie

Me søkjer etter fleire familiar - både store og små - som har lyst til å vera med i Vennefamilie-prosjektet vårt. Å vera Vennefamilie er sosialt, lærerikt, og veldig kjekt. Ikkje berre får de bli kjend med ein familie de kanskje ikkje kjenner så godt frå før, men de får også tilbod om å vera med på kjekke familieaktivitetar, og små utflukter. Les meir om prosjektet i plansjen under, og ta kontakt med Sarifa dersom de lurer på noko, eller ynskjer å melda dykk på.

2024 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam