Tematreff på internett
Velkomen til våre nye møteplass på internett. Du finn program for hausten og lenke til det digitale møterommet om du klikkar deg inn på artikkelen.Klikk på denne lenka for å vera med: https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell
Programmet for dei første fire vekene er klart, og me håpar mange vil sjekka ut den nye digitale møteplassen:
- 15. oktober kl 18: Randi Jåstad presenterer nye bøker og samtalar om dei.
- 22. oktober kl 18: Professor ved UiB Fred Holsten snakkar om søvn og søvnvanar.
- 29. oktober kl 18: Kvam turlag syner bilete og fortel om turar i Kvammafjellet.
- 5. november kl 18: Randi Jåstad presenterer nye bøker og samtalar om dei.
- Onsdag 11. november kl 18: "Kor vart da tå deg". Samtale med skodespelar Frank Kjosås
- Onsdag 18. november kl 18: "Sterk kropp er topp". Treningstips med fysioterapaut Ragnhild Trøite
- Onsdag 25. november kl 18: Kjøleskapsgraut, smakfullt og så enkelt at sjølv Sidsel Haugen kan lage det.
- Onsdag 2. desember kl 18: Kviss.
- Onsdag 9. desember kl 18: Tema kjem
- Onsdag 16. desember kl 18: Tema kjem
- Onsdag 23. desember kl 18: Juleevangeliet lest av Inger Wilhelmsen
Her finn du instruksjoner for korleis du logger deg inn https://grannehjelpa.no/nyhet?instruksjonar-for-bruk-av-whereby&Id=33702
Dette er ein del av prosjektet "Fellesskap for framtida" som er finansiert gjennom tilskot frå Helsedirektoratet. Lokalt samarbeidar me med Kvam Folkeakademi som støttar aktiviteten økonomisk. Takk!
Del på:
-
Bli med på tematreff!
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!
-
Bli med til Mauranger!
Grannehjelpa sine turgrupper arrangerer kvar haust ein større fellestur ut av kommunen. I år går turen til Mauranger! Bli med på tur til Bondhusvatnet, middag i Olaløo, og besøk på Gardsmuseet på Eikenes.
-
Turprogram for hausten 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i haust. Sjå nedanfor for detaljar og kvar gruppe sitt fulle program.
-
Ledig stilling: leiar for nytt integreringsprosjekt
Vil du jobbe med integrering og kontakt mellom familiar og barn i Kvam? Me treng deg til prosjektet «Kompisfamiliar i Kvam»; eit prosjekt innretta mot barn og familiar etter mønster av «KvammaKompis». Med atterhald av finansiering lyser Grannehjelpa, frivilligsentralen i Kvam, ut inntil 1 års engasjement som prosjektleiar, stillingsstorleik 50-100%.
-
Turgruppene sine turprogram for våren 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i vår. Sjå nedanfor for detaljar og fullt program.