Språktreff
Visste du at språktreffet er kvar tysdag kl 18-19 sjøl om det er Korona? No kan du vera med sjøl om du sit heime! Ja, det stemmer, vi snakkast kvar tysdag, men brukar Whereby for å "møta" kvarandre.Kvar tysdag etter påske har vi arrangert Språktreff. Det fungerer slik at vi møtes ved hjelp av Whereby. Først er vi samla alle saman, akkurat som på biblioteket, og så går vi i grupper. Det er ein som har ansvar for tema, og til no har vi snakka om utdanning, årstider, ver, meg sjøl, klima og dyrking av grønsaker. Ta kontakt med oss viss du vil vera med, eller sjekk Facebook/Språktreff i Kvam.
Del på:
-
Bli med på tematreff!
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!
-
Bli med til Mauranger!
Grannehjelpa sine turgrupper arrangerer kvar haust ein større fellestur ut av kommunen. I år går turen til Mauranger! Bli med på tur til Bondhusvatnet, middag i Olaløo, og besøk på Gardsmuseet på Eikenes.
-
Turprogram for hausten 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i haust. Sjå nedanfor for detaljar og kvar gruppe sitt fulle program.
-
Ledig stilling: leiar for nytt integreringsprosjekt
Vil du jobbe med integrering og kontakt mellom familiar og barn i Kvam? Me treng deg til prosjektet «Kompisfamiliar i Kvam»; eit prosjekt innretta mot barn og familiar etter mønster av «KvammaKompis». Med atterhald av finansiering lyser Grannehjelpa, frivilligsentralen i Kvam, ut inntil 1 års engasjement som prosjektleiar, stillingsstorleik 50-100%.
-
Turgruppene sine turprogram for våren 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i vår. Sjå nedanfor for detaljar og fullt program.