Turgruppa Trakkatrimmen startar opp att!

Turgruppa Trakkatrimmen har hatt ein liten pause sidan nyttår, men er no klare for oppstart rett over påsken. Ikkje berre bugnar turprogrammet deira over med flotte turmål og -ruter, men me er også så heldige å få med oss ein ny turleiar! Me ynskjer Aud varmt velkomen i turleiarfellesskapet, og gledar oss til ein vår med mange gode turopplevingar.


Flere nyheter

Bli ein Vennefamilie

Me søkjer etter fleire familiar - både store og små - som har lyst til å vera med i Vennefamilie-prosjektet vårt. Å vera Vennefamilie er sosialt, lærerikt, og veldig kjekt. Ikkje berre får de bli kjend med ein familie de kanskje ikkje kjenner så godt frå før, men de får også tilbod om å vera med på kjekke familieaktivitetar, og små utflukter. Les meir om prosjektet i plansjen under, og ta kontakt med Sarifa dersom de lurer på noko, eller ynskjer å melda dykk på.

2024 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam