Møt oss på internett
Kva med å lera å lage sunn mat, få treningstips, få informasjon om korona og inspirasjon til å sjå moglegheiter? Fire onsdagar frametter kan du få med deg dette, frå eiga stove. Klikk på lenka nedanfor for å vera med.Saman på nett er eit samarbeidsprosjekt mellom Grannehjelpa, Klepp Frivilligsentral, Kvam Bibliotek og Klepp Bibliotek. Målet med prosjektet er å gje dei som treng øve på norsk språk ei digital møteplass.
Denne hauster har fire tematreff med aktuelle tema på Whereby (internett). Klikk her for å vera med: http://bit.ly/samanpånett
11. november kl 18: Sunn mat med Maggi Gausdal. Maggi er oppteken av sunn, god og enkel mat. Ho vil gje oss tips og oppskrifter som me kan bruke heime.
18. november kl 18: Kvinners mulighet med Safia Abdi Haase. Safia kom til Noreg i 1992 med tre born. Ho har utdanna seg til sjukpleiar og vil snakke om kvinner sine moglegheitar.
2. desember kl 18: Småbarnsmor og sjukepleiar Khadra Siciid Farah snakkar om korona, om korleis en taklar stigma og overvinn helsefrykt. Khadra er og helserådgjevar og kan svare på dei spørsmåla du har.
9. desember kl 18: Treningstips for sterk kropp med fysioterapaut Ragnhild Trøite. Ragnhild vil vise oss enkle øvingar som me kan gjera heima, og som er gode å bruke om me ønskjer ein sterkare kropp.
Her finn du "oppskrift" på korleis du kjem inn på Whereby: https://grannehjelpa.no/dokument?instruksjonar-for-bruk-av-whereby&Id=79219
Treffa er ein del av prosjektet "Samen på nett" som er eit samarbeid mellom Grannehjelpa, Kvam Bibliotek, Klepp Frivilligsentral og Klepp Bibliotek. Prosjektet er finansiert av Gjensidigestiftinga.
Del på:
-
Bli med på tematreff!
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!
-
Bli med til Mauranger!
Grannehjelpa sine turgrupper arrangerer kvar haust ein større fellestur ut av kommunen. I år går turen til Mauranger! Bli med på tur til Bondhusvatnet, middag i Olaløo, og besøk på Gardsmuseet på Eikenes.
-
Turprogram for hausten 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i haust. Sjå nedanfor for detaljar og kvar gruppe sitt fulle program.
-
Ledig stilling: leiar for nytt integreringsprosjekt
Vil du jobbe med integrering og kontakt mellom familiar og barn i Kvam? Me treng deg til prosjektet «Kompisfamiliar i Kvam»; eit prosjekt innretta mot barn og familiar etter mønster av «KvammaKompis». Med atterhald av finansiering lyser Grannehjelpa, frivilligsentralen i Kvam, ut inntil 1 års engasjement som prosjektleiar, stillingsstorleik 50-100%.
-
Turgruppene sine turprogram for våren 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i vår. Sjå nedanfor for detaljar og fullt program.