Hjarteleg takk til Rossvollrussen 2020!
Grannehjelpa ynskjer å retta ei stor og audmjuk takk til Rossvollrussen 2020, som valde å donera overskotet frå årets russeavis til oss.Den generøse donasjonen på heile 20 330 kr,- er allereie reservert neste års sommarfest for eldre som anten bur på eller er tilknytt institusjon.
Det årlege arrangementet, som har fått ord på seg for å vera ei viktig hending for mange, skulle eigentleg ha feira tiårsjubileum i år. Grunna koronapandemien, vart det dog dessverre ikkje slik. Men, som dagleg leiar seier: "me er ikkje flaue for å feira eit år på etterskot" - og med denne uventa pengegåva satsar me på å koma tilbake desto større og sterkare til neste år.
Grannehjelpa er takksame for engasjementet til avgangselevane ved Øystese gymnas, som med bidraget sitt gjer det mogleg for oss å gjera litt ekstra stas på gjestene våre ved neste høve.
Hjarteleg tusen takk!
Del på:
-
Bli med på tematreff!
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!
-
Bli med til Mauranger!
Grannehjelpa sine turgrupper arrangerer kvar haust ein større fellestur ut av kommunen. I år går turen til Mauranger! Bli med på tur til Bondhusvatnet, middag i Olaløo, og besøk på Gardsmuseet på Eikenes.
-
Turprogram for hausten 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i haust. Sjå nedanfor for detaljar og kvar gruppe sitt fulle program.
-
Ledig stilling: leiar for nytt integreringsprosjekt
Vil du jobbe med integrering og kontakt mellom familiar og barn i Kvam? Me treng deg til prosjektet «Kompisfamiliar i Kvam»; eit prosjekt innretta mot barn og familiar etter mønster av «KvammaKompis». Med atterhald av finansiering lyser Grannehjelpa, frivilligsentralen i Kvam, ut inntil 1 års engasjement som prosjektleiar, stillingsstorleik 50-100%.
-
Turgruppene sine turprogram for våren 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i vår. Sjå nedanfor for detaljar og fullt program.