Ny ordning for fordeling av tilskot til frivilligsentralar
Kulturdepartementet ynskjer innspel frå frivilligsentralane rundt om i landet på korleis ny forskrift for tilskot bør innrettast for å leggje til rette for mest mogleg frivillig aktivitet. Styret i Grannehjelpa hadde denne veka ekstraorindært møte for å drøfte saka.Onsdag denne veka møttest styret i Grannehjelpa for å svare ut Kulturdepartementet på spørsmål knytt til ny forskrift som skal tre i kraft frå 2022. Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam, er ein av 481 frivilligsentralene fordelt på 313 kommunar.
Sentralt i arbeidet med den ny forskrifta ligg Meld. St. 10 (2018–2019) Frivilligheita – sterk, sjølvstendig, mangfaldig kor regjering slår fast at "frivillighetens selvstendighet er et grunnleggende prinsipp i frivillighetspolitikken. Staten skal ikke styre frivilligheten, men legge til rette for aktivitet. For å få til det, har regjeringen satt fire mål for den statlige frivillighetspolitikken:
1. Bred deltakelse: Frivillig innsats er en kilde til fellesskap, demokratiutøvelse og kompetanse. Regjeringen vil at denne kilden skal være tilgjengelig for alle, uansett kjønn, etnisitet, inntekt, funksjonsnivå eller interessefelt.
2. En sterk og uavhengig sektor: Regjeringen vil legge til rette for en sterk og uavhengig sektor som vokser nedenfra. Det innebærer blant annet å styrke de brede støtteordningene og ha klare og tydelige kriterier for tilskudd.
3. Forenklingsreform: Det skal være enkelt for frivilligheten å søke, ta imot og rapportere på offentlig støtte.
4. En samordnet frivillighetspolitikk: Et godt samspill med offentlige myndigheter skal bygge opp under frivillig aktivitet."
Styret har drøfta desse punkta
- Kva skal ein frivilligsental vera?
- Kva krav bør ein stille til kommunen?
- Kven skal motta tilskotet?
- Kva er ein rettvis fordeling av midlane til frivilligsentralar?
- Korleis kan ein sikre finansiering i små og stor kommunar?
- Korleis bør tilskotet beregnast?
Del på:
-
Bli med på tematreff!
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!
-
Bli med til Mauranger!
Grannehjelpa sine turgrupper arrangerer kvar haust ein større fellestur ut av kommunen. I år går turen til Mauranger! Bli med på tur til Bondhusvatnet, middag i Olaløo, og besøk på Gardsmuseet på Eikenes.
-
Turprogram for hausten 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i haust. Sjå nedanfor for detaljar og kvar gruppe sitt fulle program.
-
Ledig stilling: leiar for nytt integreringsprosjekt
Vil du jobbe med integrering og kontakt mellom familiar og barn i Kvam? Me treng deg til prosjektet «Kompisfamiliar i Kvam»; eit prosjekt innretta mot barn og familiar etter mønster av «KvammaKompis». Med atterhald av finansiering lyser Grannehjelpa, frivilligsentralen i Kvam, ut inntil 1 års engasjement som prosjektleiar, stillingsstorleik 50-100%.
-
Turgruppene sine turprogram for våren 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i vår. Sjå nedanfor for detaljar og fullt program.