Gladmelding! Vi opnar for publikum!

Veke 22, frå 27. mai, opnar Grannehjelpa for publikum igjen! Vi startar litt forsiktig i desse Korona tider, og held difor berre ope onsdagar og torsdagar kl 10-15. Vi gler oss til å sjå deg, velkomen innom!

Sidsel og Rut vil hjelpe deg med det du lurer på!

Flere nyheter

Bli ein Vennefamilie

Me søkjer etter fleire familiar - både store og små - som har lyst til å vera med i Vennefamilie-prosjektet vårt. Å vera Vennefamilie er sosialt, lærerikt, og veldig kjekt. Ikkje berre får de bli kjend med ein familie de kanskje ikkje kjenner så godt frå før, men de får også tilbod om å vera med på kjekke familieaktivitetar, og små utflukter. Les meir om prosjektet i plansjen under, og ta kontakt med Sarifa dersom de lurer på noko, eller ynskjer å melda dykk på.

2024 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam