Fellesskap for framtida
Er du 60+ og har lyst å vera med å teste ut sosiale møteplassar på internett? Me vil veldig gjerne ha deg med på laget!Grannehjelpa har saman med Kvam herad søkt og fått tilskot til eit prosjekt som har som mål å få fleire seniorar til å bli meir aktive gjennom å delta i sosiale fellesskap på digitale møteplassar.
I løpet av oktober og november vert det 6-8 treff på internett med ulike tema og innhald. Treffa er gratis og opne for alle. Før me startar opp med treff, vil me testa ut og rettleie dei som har lyst og som er interessert i å læra om plattformen Whereby. Ein treng ikkje vera erfaren PC- eller internettbrukar og ein kan bruke både datamaskin, nettbrett og/eller mobiltelefon. Tilbodet er gratis og heilt uforpliktande å vera med på.
Tid: Torsdag 3. september kl 11 eller tysdag 8. september kl 13 eller torsdag 17. september kl 18 (ein treng berre vera med ein av dagane)
Stad: Grannehjelpa, Sandvenvegen 1B, Norheimsund
Påmelding: Seinast dagen før til 901 22 688 eller 480 72 456 (det er plass til 6 personar kvar gong)
Utstyr: Ta med datamaskin, nettbrett og/eller mobiltelefon
Del på:
-
Bli med på tematreff!
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!
-
Bli med til Mauranger!
Grannehjelpa sine turgrupper arrangerer kvar haust ein større fellestur ut av kommunen. I år går turen til Mauranger! Bli med på tur til Bondhusvatnet, middag i Olaløo, og besøk på Gardsmuseet på Eikenes.
-
Turprogram for hausten 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i haust. Sjå nedanfor for detaljar og kvar gruppe sitt fulle program.
-
Ledig stilling: leiar for nytt integreringsprosjekt
Vil du jobbe med integrering og kontakt mellom familiar og barn i Kvam? Me treng deg til prosjektet «Kompisfamiliar i Kvam»; eit prosjekt innretta mot barn og familiar etter mønster av «KvammaKompis». Med atterhald av finansiering lyser Grannehjelpa, frivilligsentralen i Kvam, ut inntil 1 års engasjement som prosjektleiar, stillingsstorleik 50-100%.
-
Turgruppene sine turprogram for våren 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i vår. Sjå nedanfor for detaljar og fullt program.