Generalforsamling i Grannnehjelpa
Styret i Stiftinga Grannehjelpa kallar inn til Generalforsamling onsdag 7. april kl 18. Alle med interesse for frivillig arbeid er hjarteleg velkomen til å delta.Møte vert gjennomført digitalt. Klikk her for å vera med: https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell
Saksliste
- Opprop
- Val av ordstyrar, referent, teljekorps og to til å skriva under protokollen
- Presentasjon av årsmelding 2020
- Presentasjon av årsrekneskap 2020 og budsjett 2021
- Val
Saker til generalforsamlinga må vera i hende innan 26. mars 2021.
Årmeldinga finn ein her: Årsmelding 2020
eller, ein kan komme innom Grannehjelp å få papirkopi
Del på:
-
Bli med på tematreff!
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!
-
Bli med til Mauranger!
Grannehjelpa sine turgrupper arrangerer kvar haust ein større fellestur ut av kommunen. I år går turen til Mauranger! Bli med på tur til Bondhusvatnet, middag i Olaløo, og besøk på Gardsmuseet på Eikenes.
-
Turprogram for hausten 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i haust. Sjå nedanfor for detaljar og kvar gruppe sitt fulle program.
-
Ledig stilling: leiar for nytt integreringsprosjekt
Vil du jobbe med integrering og kontakt mellom familiar og barn i Kvam? Me treng deg til prosjektet «Kompisfamiliar i Kvam»; eit prosjekt innretta mot barn og familiar etter mønster av «KvammaKompis». Med atterhald av finansiering lyser Grannehjelpa, frivilligsentralen i Kvam, ut inntil 1 års engasjement som prosjektleiar, stillingsstorleik 50-100%.
-
Turgruppene sine turprogram for våren 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i vår. Sjå nedanfor for detaljar og fullt program.