Nytt tilbod: Lunsj i lag
I desember startar me ein ny aktivitet i Grannehjelpa: Lunsj i lag. Saman med lokale aktørar inviterer me til mat og prat i førjulstida."Møte mellom menneske" er frivilligsentralane sitt slagord. Me håpar at me med dette tilbodet kan bidra til gode opplevingar i ei førjulstid som kanskje er noko annleis enn vanleg. Me besøker Kabuso, Bjørketeigen gard og Thon Hotel Sandven.
Det kostar frå kr 100,- til 250,-.
Påmelding til Grannehjelpa. Grunna smittevernhensyn er det avgrensa tal plassar.
Alle er hjarteleg velkomne!
Les meir her:
Torsdag 3. desember kl 12, Lunsj i lag i Kabuso
Fredag 11. desember kl 12, Lunsj i lag på Bjørkteigen gard
Torsdag 17. desember kl 12, Lunsj i lag på Sandven
Del på:
-
Bli med på tematreff!
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!
-
Bli med til Mauranger!
Grannehjelpa sine turgrupper arrangerer kvar haust ein større fellestur ut av kommunen. I år går turen til Mauranger! Bli med på tur til Bondhusvatnet, middag i Olaløo, og besøk på Gardsmuseet på Eikenes.
-
Turprogram for hausten 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i haust. Sjå nedanfor for detaljar og kvar gruppe sitt fulle program.
-
Ledig stilling: leiar for nytt integreringsprosjekt
Vil du jobbe med integrering og kontakt mellom familiar og barn i Kvam? Me treng deg til prosjektet «Kompisfamiliar i Kvam»; eit prosjekt innretta mot barn og familiar etter mønster av «KvammaKompis». Med atterhald av finansiering lyser Grannehjelpa, frivilligsentralen i Kvam, ut inntil 1 års engasjement som prosjektleiar, stillingsstorleik 50-100%.
-
Turgruppene sine turprogram for våren 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i vår. Sjå nedanfor for detaljar og fullt program.