-
Bli ein Vennefamilie
Me søkjer etter fleire familiar - både store og små - som har lyst til å vera med i Vennefamilie-prosjektet vårt. Å vera Vennefamilie er sosialt, lærerikt, og veldig kjekt. Ikkje berre får de bli kjend med ein familie de kanskje ikkje kjenner så godt frå før, men de får også tilbod om å vera med på kjekke familieaktivitetar, og små utflukter. Les meir om prosjektet i plansjen under, og ta kontakt med Sarifa dersom de lurer på noko, eller ynskjer å melda dykk på.
Kvammasongen
Del på:
-
Årsmelding for 2023
Lurer du på kva Grannehjelpa hadde føre seg i 2023? Då kan du lesa årsmeldinga vår!
-
Turgruppa Trakkatrimmen startar opp att!
Turgruppa Trakkatrimmen har hatt ein liten pause sidan nyttår, men er no klare for oppstart rett over påsken. Ikkje berre bugnar turprogrammet deira over med flotte turmål og -ruter, men me er også så heldige å få med oss ein ny turleiar! Me ynskjer Aud varmt velkomen i turleiarfellesskapet, og gledar oss til ein vår med mange gode turopplevingar.
-
Vårprogram for turgruppene Fotalaget og Karatrakk
Turgruppa Trakkatrimmen tek pause fram til 2. april. Vårprogramma til turgruppene Fotalaget og Karatrakk er ferdigstilte, og kan sjåast i sin heilskap nedanfor.
-
Vil de bli ein vennefamilie? Bli med på Familiedagen!
Prosjektet Vennefamilie er snart i gang. Barnefamiliar som ynskjer seg ein vennefamilie er velkomne til Familiedagen på Hardanger Fartøyvernsenter 21. januar. Her får de bli kjend med andre familiar, gjera morosame aktivitetar, og løysa oppgåver saman.