Julegåvetips: gje eit gåvekort med gode stunder!
Dei beste julegåvene treng ikkje kosta mykje pengar. Faktisk, treng dei ikkje å kosta pengar i det heile. Det finaste ein kan gje eit anna menneske er nemleg ikkje ting eller krims krams, men littegrann av seg sjølv og si eiga tid.Med denne tanken som utgangspunkt, har Grannehjelpa eit ynskje om at julegåvene i år ikkje treng å ha ein høg pengeverdi, men heller ein høg mellommenneskeleg verdi. Difor har me i år fått utforma gåvekort med valutaen møte mellom menneske.
Kva med å gje ein annan ein lovnad om ein kopp kaffi? Ein spasertur i lag? Opplæring i Whereby?
Kanskje har du eigne kreative tankar eller idéar om kva du kan gje bort av tid og eigne ressursar? Kurs i å laga mjølkekaker til barnebarnet? Hagearbeid for besten og besto? Heimelaga middag til ein god ven? Berre fantasien set grenser.
Me har ferdig utfylte gåvekort for kaffistund, spasertur og opplæring i Whereby, samt kort som du sjølv kan fylla ut. Kom innom og hent eit eller fleire gratis gåvekort hos Grannehjelpa i Sandvenvegen 1B. eller last ned på eigen PC. Du finn alle gåvekorta her:
Gåvekort Kaffeinvitasjon
Gåvekort Spasertur
Gåverkort opplæring i Whereby
Gåvekort valfri gåve
Alle gåvekorta er sjølvsagt heilt gratis.
Korta er utforma av Bukken AS
Del på:
-
Bli med på tematreff!
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!
-
Bli med til Mauranger!
Grannehjelpa sine turgrupper arrangerer kvar haust ein større fellestur ut av kommunen. I år går turen til Mauranger! Bli med på tur til Bondhusvatnet, middag i Olaløo, og besøk på Gardsmuseet på Eikenes.
-
Turprogram for hausten 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i haust. Sjå nedanfor for detaljar og kvar gruppe sitt fulle program.
-
Ledig stilling: leiar for nytt integreringsprosjekt
Vil du jobbe med integrering og kontakt mellom familiar og barn i Kvam? Me treng deg til prosjektet «Kompisfamiliar i Kvam»; eit prosjekt innretta mot barn og familiar etter mønster av «KvammaKompis». Med atterhald av finansiering lyser Grannehjelpa, frivilligsentralen i Kvam, ut inntil 1 års engasjement som prosjektleiar, stillingsstorleik 50-100%.
-
Turgruppene sine turprogram for våren 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i vår. Sjå nedanfor for detaljar og fullt program.