Bli ein Vennefamilie
Del på:
-
Ledig 100% stilling som dagleg leiar i Stiftinga Grannehjelpa
Brenn du for frivilligheit og lokalsamfunn? Stiftinga Grannehjelpa er frivilligsentralen i Kvam og ein del av nettverket med 510 frivilligsentralar i Noreg. Frivilligsentralen skal vera eit kraftsenter, kontaktpunkt og møteplass for menneske, frivillige lag og det offentlege, open for alle som har lyst til å vera med. Viktige område for Grannehjelpa er integrering og inkludering, aktivitet på eldreinstitusjon og møteplassar. Sentralen har fast 1,5 årsverk, har heile kommunen som arbeidsfelt og samarbeider både med offentleg og frivillige aktørar. Dagleg leiar deltar i nettverk med andre frivilligsentralar. Dagleg leiar har ei nøkkelrolle i organisasjonen og rapporterer til styret.
-
Bli med på tematreff!
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!
-
Bli med til Mauranger!
Grannehjelpa sine turgrupper arrangerer kvar haust ein større fellestur ut av kommunen. I år går turen til Mauranger! Bli med på tur til Bondhusvatnet, middag i Olaløo, og besøk på Gardsmuseet på Eikenes.
-
Turprogram for hausten 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i haust. Sjå nedanfor for detaljar og kvar gruppe sitt fulle program.
-
Ledig stilling: leiar for nytt integreringsprosjekt
Vil du jobbe med integrering og kontakt mellom familiar og barn i Kvam? Me treng deg til prosjektet «Kompisfamiliar i Kvam»; eit prosjekt innretta mot barn og familiar etter mønster av «KvammaKompis». Med atterhald av finansiering lyser Grannehjelpa, frivilligsentralen i Kvam, ut inntil 1 års engasjement som prosjektleiar, stillingsstorleik 50-100%.