Takk for meg
Kjære alle de som eg har vore så heldig å få jobbe saman med – i smått og stort – dei siste åra 💚Eg gler meg til å følgje «Team Grannehjelpa» med Rut, Helena, Grethe og Gunn Hilde frametter, og det reknar eg me de gjer og. No er det sommarferie, og til hausten ser eg fram til å startar med nye oppgåver på Hardanger Fartøyvernsenter.
God sommar!
Hasta la vista På gjensyn alle saman
Helsing frå Sidsel
Del på:
-
Bli med på tematreff!
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!
-
Bli med til Mauranger!
Grannehjelpa sine turgrupper arrangerer kvar haust ein større fellestur ut av kommunen. I år går turen til Mauranger! Bli med på tur til Bondhusvatnet, middag i Olaløo, og besøk på Gardsmuseet på Eikenes.
-
Turprogram for hausten 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i haust. Sjå nedanfor for detaljar og kvar gruppe sitt fulle program.
-
Ledig stilling: leiar for nytt integreringsprosjekt
Vil du jobbe med integrering og kontakt mellom familiar og barn i Kvam? Me treng deg til prosjektet «Kompisfamiliar i Kvam»; eit prosjekt innretta mot barn og familiar etter mønster av «KvammaKompis». Med atterhald av finansiering lyser Grannehjelpa, frivilligsentralen i Kvam, ut inntil 1 års engasjement som prosjektleiar, stillingsstorleik 50-100%.
-
Turgruppene sine turprogram for våren 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i vår. Sjå nedanfor for detaljar og fullt program.