Turgruppene sitt turprogram for våren 2021
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i vår. Sjå nedanfor for tidspunkt og fullt program.For at turane skal vera trygge for både deltakarar og turleiar, er det viktig at alle følgjer smittevernreglane. Per dags dato gjeld følgjande:
- Alle deltakarar må vera friske og ha god allmenntilstand (ein kan ikkje vera med dersom ein har fått påvist korona, er i karantene, eller har symptom på sjukdom).
- Alle som ikkje tilhøyrer same husstand, må halda éin meter avstand.
- Unngå handhelsing, klemming og all annan form for fysisk kontakt.
- Alle må sjølve ta med det dei treng av personleg utstyr - det skal ikkje delast på utstyr innad i gruppa.
- Ta med eigen mat og drikke.
- Dersom det vert aktuelt å køyra til turens startpunkt, er det tilrådd at alle nyttar munnbind, og at ein held éin meters avstand gjennom heile reisa. Unngå også kontakt andlet til andlet. Ein kan vera maks tre personar i kvar bil - to framme og éin bak.
GOD TUR!
Del på:
-
Bli med på tematreff!
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!
-
Bli med til Mauranger!
Grannehjelpa sine turgrupper arrangerer kvar haust ein større fellestur ut av kommunen. I år går turen til Mauranger! Bli med på tur til Bondhusvatnet, middag i Olaløo, og besøk på Gardsmuseet på Eikenes.
-
Turprogram for hausten 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i haust. Sjå nedanfor for detaljar og kvar gruppe sitt fulle program.
-
Ledig stilling: leiar for nytt integreringsprosjekt
Vil du jobbe med integrering og kontakt mellom familiar og barn i Kvam? Me treng deg til prosjektet «Kompisfamiliar i Kvam»; eit prosjekt innretta mot barn og familiar etter mønster av «KvammaKompis». Med atterhald av finansiering lyser Grannehjelpa, frivilligsentralen i Kvam, ut inntil 1 års engasjement som prosjektleiar, stillingsstorleik 50-100%.
-
Turgruppene sine turprogram for våren 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i vår. Sjå nedanfor for detaljar og fullt program.