Me fullfører KvammaVEKO i november!

Grunna dei nye oppmodingane til smitteverntiltak, har arbeidsgruppa bak KvammaVEKO kome fram til at det ikkje er forsvarleg å gjennomføra programmet som planlagt neste veke. Me kjem difor tilbake med KvammaVEKO fyrst i 2021.

SUNDAG 8. NOVEMBER KL. 11-14 | ØYSTESE SENTRUM
AKTIVITETSDAG
Som planlagt, vil aktivitetsdagen ta stad i Øystese sentrum med varierte og morosame aktivitetar fordelt utover ulike stadar i bygda. Postane inkluderer, med anna, hinderløype, frisbeegolf og utandørskafé. Du får dessutan møta Pia Ve Dahlen, kjend som Noregs kulaste marinbiolog, som vil visa deg livet i sjøen! Møt opp ved Hardangerbadet for registrering og utdeling av kart. Alle aktivitetar er opne frå kl. 11 til 14, så kom når det passar.


MÅNDAG 9. NOVEMBER KL. 11-13 | GAMLESKULEN PÅ NORHEIM
KAFÉ NORHEIM
Kafé-tilbod i Gamleskulen på Norheim. Her får ein kjøpt vaflar, kaffi og te til ein rimeleg penge, og møta både kjende og ukjende i ei varm og imøtekomande atmosfære. Kafé Norheim er non-profitt, har frivillig vertskap, og tek stad to måndagar i månaden.


MÅNDAG 9. NOVEMBER KL. 18.30 | KUNSTHUSET KABUSO
FØREDRAG MED PIA VE DAHLEN
Pia Ve Dahlen er for mange kjend som Noregs kulaste marinbiolog. Lidenskapen for havet har blant anna ført ho til TV-program som Lindmo og årets TV-aksjon Eit hav av moglegheiter. Men sjølv om Pia elskar å sprella rundt i havet, var det også nettopp her, i sjøen i Træna, at ho fekk sitt fyrste angstanfall. I dette føredraget får du høyra heile historia, der ho fortel ekte og ærleg om varsellampar, vegen attende og kvifor det er så viktig å vera open.

SAMTALE KRING EIT STOVEBORD
Etter føredraget vert det sofapanel med Pia Ve Dahlen og eit knippe lokale personar, som vil prata om utfordringane livet gjev oss, og korleis me best kan møta dei.

Dette arrangementet vil også bli sendt på internett. Følg med på Facebook for meir informasjon.


TYSDAG 10. NOVEMBER KL. 17.30 | OPPMØTE: HOLMSUND
TRAKK OG SNAKK MED ORDFØRAR OG RÅDMANN
Bli med ordføraren og rådmannen på kveldstur! Me startar i Holmsund med ei kort orientering om rehabiliteringsprosjektet der. Deretter, går me frå Holmsund til Børvenes og tilbake. Dette er ei rute som er passe lang, og lett å gå. Her er ikkje målet å nå fram fyrst, men å halda beina og praten i gang.
Turleiar: Torgeir Magnar Børve.


Når det gjeld arrangement med Tore Renberg, er dette førebels utsett på ubestemt tid.

Flere nyheter

Bli ein Vennefamilie

Me søkjer etter fleire familiar - både store og små - som har lyst til å vera med i Vennefamilie-prosjektet vårt. Å vera Vennefamilie er sosialt, lærerikt, og veldig kjekt. Ikkje berre får de bli kjend med ein familie de kanskje ikkje kjenner så godt frå før, men de får også tilbod om å vera med på kjekke familieaktivitetar, og små utflukter. Les meir om prosjektet i plansjen under, og ta kontakt med Sarifa dersom de lurer på noko, eller ynskjer å melda dykk på.

2024 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam