Grannehjelpa har avgrensa opningstid dei neste to vekene

Grunna dei nye smittevernsråda frå både nasjonale og lokale myndigheiter, har Grannehjelpa avgrensa opningstid dei neste to vekene. Frå tysdag 5. januar til og med fredag 16. januar vil kontoret vera ope tysdagar til fredagar frå kl. 10 til 13. Om du treng å koma i kontakt med oss utanom opningstida, er me tilgjengelege på e-post og telefon.


Flere nyheter

Bli ein Vennefamilie

Me søkjer etter fleire familiar - både store og små - som har lyst til å vera med i Vennefamilie-prosjektet vårt. Å vera Vennefamilie er sosialt, lærerikt, og veldig kjekt. Ikkje berre får de bli kjend med ein familie de kanskje ikkje kjenner så godt frå før, men de får også tilbod om å vera med på kjekke familieaktivitetar, og små utflukter. Les meir om prosjektet i plansjen under, og ta kontakt med Sarifa dersom de lurer på noko, eller ynskjer å melda dykk på.

2024 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam