Kvifor vera frivillig i Grannehjelpa?

Hausten 2019 tok Gro Liland kontakt med Grannehjelpa, og melde seg til frivillig teneste. Kvifor gjorde ho da? Me har spurt Gro om dette, og her kan du lese kva motivasjonen var og kvifor ho synes frivillig arbeid er viktig og meingsfullt.

Ein refleksjon

Det var mange som spurde meg om kva eg skulle gjere på når eg vart pensjonist. Eg har vel eigentleg førebudd meg frå eg var 65 på livet etter jobb, og eg hadde mange planar. Eg ville sy meir, trene på føremiddagane og hjelpe innvandrarar med lekser og til å snakke godt norsk, for av erfaring visste eg at det var som regel språket som hindra dei i å få gode karakterar på skulen. Dessutan var eg nysgjerrig på «Internasjonal kvinnegruppe» som eg hadde lese om i Hordaland Folkeblad. Det høyrdest så spennande ut å møte kvinner frå mange forskjellige nasjonar og lære om kulturen deirans. Informasjonsteknologi (IT) og all slags tekniske «duppedittar» har alltid interessert meg, og eg hadde lyst til å jobbe meir med dette og.

Etter ferien sjekka eg Grannehjelpa på nettet, og fann ut at eg måtte innom dei og forhøyre meg litt meir. Der vart eg teken imot på ein veldig positiv måte, og etter kvart vart det både «Internasjonal kvinnegruppe», «Språkkafé» og leksehjelp på meg. Ei stund seinare vart eg spurd om å hjelpe litt til med å få den nye heimesida til Grannehjelpa opp og gå, og det høyrdest veldig spennande ut, så eg takka ja.

No er det snart sommar att, og når folk spør meg om eg har det bra som pensjonist, og om kva eg får tida til å gå med, så svarar eg at eg har det som plommen i egget. Eg får jo min faste pensjon (løn) kvar månad, og då er det fint å få gje litt tilbake til samfunnet samtidig som eg sjølv får masse menneskeleg påfyll. Så, visst du lurer på kva du skal gjere når du blir pensjonist, så sjekk aktivitetane til Grannehjelpa! Her er det all slags ting du kan vera med på enten som hjelpar eller brukar.

Gro Liland

Flere nyheter

Bli ein Vennefamilie

Me søkjer etter fleire familiar - både store og små - som har lyst til å vera med i Vennefamilie-prosjektet vårt. Å vera Vennefamilie er sosialt, lærerikt, og veldig kjekt. Ikkje berre får de bli kjend med ein familie de kanskje ikkje kjenner så godt frå før, men de får også tilbod om å vera med på kjekke familieaktivitetar, og små utflukter. Les meir om prosjektet i plansjen under, og ta kontakt med Sarifa dersom de lurer på noko, eller ynskjer å melda dykk på.

2024 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam