"Saman på Nett"
Samarbeidsprosjekt mellom Rogaland og Vestland!Visste du at då Korona pandemien braut ut, og alt vart stengt, så begynte Grannehjelpa å arbeide på høggir for å kunne kommunisere og halde aktiviteten oppe i mange forskjellige grupper? Saman med Kvam Folkebibliotek, Klepp bibliotek og Klepp Frivilligsentral søkte dei om midlar til å kjøpe inn og prøve ut digitale løysingar. Dette resulterte i innkjøp av Whereby for business – her kan opp til 50 personar møtast samstundes i kvart rom, og me har 10 møterom tilgjengeleg. Her i Kvam starta «Saman på nett» med Språktreff allereie før påske. No er me klar til å ta steget vidare, og vil gjerne fylle dei digitale romma med enno meir aktivitetet. I Klepp har dei til dømes både styrketrening, leksehjelp og meditasjon via Whereby. Kanskje har du eller nokon du kjenner idear til kva me kan bruke desse digitale romma til? Me høyrer gjerne frå deg!
Prosjektet som inneber at to regionar, Vestland og Rogaland, samarbeider, gjer det lettare å samle erfaring som vi vil dele med alle dei 460 frivilligsentralane i landet. Prosjektet er støtta av Gjensidigestiftelsen.
klepp.bibliotek@klepp.kommune.no frivilligsentralen@klepp.kommune.no bibliotek@kvam.kommune.no post@grannehjelpa.no
Del på:
-
Bli med på tematreff!
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!
-
Bli med til Mauranger!
Grannehjelpa sine turgrupper arrangerer kvar haust ein større fellestur ut av kommunen. I år går turen til Mauranger! Bli med på tur til Bondhusvatnet, middag i Olaløo, og besøk på Gardsmuseet på Eikenes.
-
Turprogram for hausten 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i haust. Sjå nedanfor for detaljar og kvar gruppe sitt fulle program.
-
Ledig stilling: leiar for nytt integreringsprosjekt
Vil du jobbe med integrering og kontakt mellom familiar og barn i Kvam? Me treng deg til prosjektet «Kompisfamiliar i Kvam»; eit prosjekt innretta mot barn og familiar etter mønster av «KvammaKompis». Med atterhald av finansiering lyser Grannehjelpa, frivilligsentralen i Kvam, ut inntil 1 års engasjement som prosjektleiar, stillingsstorleik 50-100%.
-
Turgruppene sine turprogram for våren 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i vår. Sjå nedanfor for detaljar og fullt program.