Bydelsmor går til bygda

Saman med Drammen, Grong og Levanger, er Kvam ein av fire kommunar som får vera med i pilotprosjektet "Bydelsmor går til bygda". Prosjektet har fått det lokale namnet "Bygdemor", men følgjer læringsplanen til moderorganisasjonen Bydelsmødre Norge. I løpet av hausten vil prosjektet ha fostra 12 nybakte bygdemødre.

Bydelsmødre Norge er ein ideell organisasjon som arbeider for og med kvinner med minoritetsbakgrunn. Grunntanken i Bydelsmødre-konseptet er at mødre på mange måtar er nøkkelen til heile familien sin sosiale og kulturelle inkluderingsprosess. Ved å tilby frivillige, ressurssterke kvinner eit opplæringsprogram med tema som foreldreskap, born, skule, arbeid og helse, er håpet å gje kvinner den kunnskapen og stønaden dei treng for å kunna hjelpa seg sjølve og kvarandre.

Målet er at bydelsmødrene skal tileigna seg kunnskap om kva rettar, moglegheiter og plikter dei har i samfunnet, og kvar dei skal venda seg for å få desse innfridd. Vidare, skal dei kunna formidla denne informasjonen til andre kvinner, som det offentlege kan ha vanskeleg for å nå, anten på grunn av språk, isolasjon eller andre utfordringar. Såleis har bygdemødrene ei unik rolle - som brubyggjarar mellom familiar med minoritetsbakgrunn og det norske samfunnet - då dei er kjende med både familien sitt språk og kultur og det norske tenesteapparatet.

Målsettinga når ein gjennom følgjande delmålsettingar: 

  1. Brubygging mellom kvinner og lokalsamfunnet.
  2. Kvinner oppdagar og brukar eigne ressursar for å styrka seg sjølv, familien og lokalsamfunnet.
  3. Familiar og lokalsamfunnet vert rusta opp til å skapa eit oppvekstmiljø som styrker born og unge til å klara seg i samfunnet.

I Noreg vart organisasjonen Bydelsmødre stifta i 2016 av Nasreen Begum etter modell frå Tyskland og Danmark. Det er så langt etablert frivillige Bydelsmødre-foreiningar og grupper i seks bydelar i Oslo. I haust vart også pilotprosjektet "Bydelsmor går til bygda" lansert, der Kvam er ein av fire kommunar som får delta.

Her i Kvam er det Grannehjelpa som står ansvarleg for prosjektet, med koordinator Rut Oppedal Rasmussen som prosjektansvarleg. Læreplanen er stort sett den same som for Bydelsmor Norge, med somme endringar for å setja det heile i eit lokalt perspektiv. I august vart det oppretta ei ressursgruppe (beståande av Reidun Braut Kjosås, Siriann Lillevik, Elin Tonning, Liv Berit Befring og Grethe Helen Mæland) for å gje innspel til emne og rekruttera føredragshaldarar til samlingane.

Fyrste runde med Bygdemor starta opp her i Kvam den 17. september. Dei nye bygdemødrene er kvinner frå Thailand, Filippinene, Kongo, Litauen, Polen, Somalia, Eritrea og Syria. Sjølve kurset går over ti modular.

2024 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam