Turgruppene sine haustprogram er klare
Turleiarane i Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk er klar med turprogrammet for hausten og håpar mange vil vera med ut å gå.Dei tre turgruppene er "still going strong", og turleiarane har laga flotte program for hausten (sjå lenger ned i artikkelen). På grunn av korona-situasjonen var det inga turar frå mars til medio mai, og då me starta opp var det med restriksjoner ifht til smittevern. Me tek framleis smittevern på høgste alvor, men me er glad for at me no kan køyre saman i bil til andre turmål enn dei med utgangspunkt i Grove. Vil du vera med, er det berre å møte opp på parkeringa ved Spar i Norheimsund. Det er inga påmelding.
Retningslinjer for dei som deltek på felles turar med Grannehjelpa
For at turane skal vera trygge for deltakarane og turleiarane er det viktig at alle føl smittevernreglane. Turleiarane har ansvar for at retningslinjene vert følde. Om deltakere ikke føl turleiaren sine anmodninger kan vedkommande bli beden om å forlate turgruppa.
- Det er veldig viktig at alle som deltar har en god allmenntilstand og er friske. Ein kan IKKJE være med dersom
- Ein er smittet av korona
- Ein er i karantene
- Ein har symptome på sykdom
- Avstand
- Dei som ikkje høyrer til i same husstand, kan ikkje opphalde seg nærmare kvarandre enn 1 meter.
- Unngå å håndhelse, å klemma og all anna form for fysisk kontakt.
- Mat og utstyr
- Alle må ta med naudsynt personleg utstyr. Ein skal IKKJE dele på utstyr i gruppa.
- Kvar enkelt deltakar må ha med det han eller ho treng av mat og drikke. Det skal ikke tilberedes felles måltider.
- Biltransport
- I den grad det er naudsynt med transport i bil er det anbefalt med 1 meters avstand gjennom heile reisa.
- Ein kan vera inntil 3 personar i kvar bil. 2 framme og 1 bak.
- Personar kan elles køyre åleine, eller personar frå same husstand kan køyr saman.
- Unngå kontakt ansikt til ansikt
Del på:
-
Bli med på tematreff!
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!
-
Bli med til Mauranger!
Grannehjelpa sine turgrupper arrangerer kvar haust ein større fellestur ut av kommunen. I år går turen til Mauranger! Bli med på tur til Bondhusvatnet, middag i Olaløo, og besøk på Gardsmuseet på Eikenes.
-
Turprogram for hausten 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i haust. Sjå nedanfor for detaljar og kvar gruppe sitt fulle program.
-
Ledig stilling: leiar for nytt integreringsprosjekt
Vil du jobbe med integrering og kontakt mellom familiar og barn i Kvam? Me treng deg til prosjektet «Kompisfamiliar i Kvam»; eit prosjekt innretta mot barn og familiar etter mønster av «KvammaKompis». Med atterhald av finansiering lyser Grannehjelpa, frivilligsentralen i Kvam, ut inntil 1 års engasjement som prosjektleiar, stillingsstorleik 50-100%.
-
Turgruppene sine turprogram for våren 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i vår. Sjå nedanfor for detaljar og fullt program.