Bli med på Grannehjelpa sin adventskalender!
Bli med på Grannehjelpa sin adventskalender, og ver med i trekninga av gåvekort!Tradisjonen tru, har Grannehjelpa også i år ein eigen adventskalender. Denne gongen i form av ein quiz. Quizen består av 24 spørsmål - eitt spørsmål per dag fram til julaftan. Ved å ta vare på éin bokstav i svaret kvar dag, vil du til slutt sitja att med ein setning. Denne er løysinga på heile quizen, og kan sendast inn til oss, dersom du vil vera med i trekninga av eitt av fire gåvekort. Gåvekorta du kan vinna er frå Felleskjøpet og Huus Bok og Papir i Øystese, og Nille og Lokalen i Norheimsund.
Slik kan du vera med:
Dersom du er på Facebook, kan du bli medlem av gruppa "Møteplassen Grannehjelpa". Der vert det lagt ut éi luke kvar dag. Finn svaret på spørsmålet, og ta vare på den bokstaven som oppgåva seier. Den 24. desember vil du ha låst opp alle bokstavane, og funne setninga.
Dersom du ikkje har Facebook, vil alle spørsmåla bli lagt ut på denne nettsida (www.grannehjelpa.no) den 24. desember.
Når du har funne løysingssetninga, kan du senda denne inn til oss, saman med namn, innan 29. desember kl. 23.59. Svaret kan sendast på e-post til helena@grannehjelpa.no eller på SMS til 480 72 456. Trekninga tek stad den 30. desember.
Lukke til!
Del på:
-
Bli med på tematreff!
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!
-
Bli med til Mauranger!
Grannehjelpa sine turgrupper arrangerer kvar haust ein større fellestur ut av kommunen. I år går turen til Mauranger! Bli med på tur til Bondhusvatnet, middag i Olaløo, og besøk på Gardsmuseet på Eikenes.
-
Turprogram for hausten 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i haust. Sjå nedanfor for detaljar og kvar gruppe sitt fulle program.
-
Ledig stilling: leiar for nytt integreringsprosjekt
Vil du jobbe med integrering og kontakt mellom familiar og barn i Kvam? Me treng deg til prosjektet «Kompisfamiliar i Kvam»; eit prosjekt innretta mot barn og familiar etter mønster av «KvammaKompis». Med atterhald av finansiering lyser Grannehjelpa, frivilligsentralen i Kvam, ut inntil 1 års engasjement som prosjektleiar, stillingsstorleik 50-100%.
-
Turgruppene sine turprogram for våren 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i vår. Sjå nedanfor for detaljar og fullt program.