VARME FØTER i kvam
Har du tid, lyst og restegarn på lur til å laga småplagg som labbar, panneband, eller kanskje vottar og huer? Grannehjelpa og Biblioteket inviterer til aksjon VARME FØTER i Kvam.Etter inspirasjon frå Frivilligsentralane i Ullensvang inviterer me deg som likar å strikke, gimpe eller hakke til å bli med på aksjonen. På denne måten kan du vera med å varma små og større føter, hender, hovud og hjarter i heile Kvam. Grannehjelpa ser til det du har laga går til nokon som treng det.
Me har opprette ei gruppe på Facebook som alle som vil kan vera medlem av. Del gjerne: https://www.facebook.com/groups/1330209134006404
Praktisk informasjon
Legg det du har laga i brødposar e.l. og merk gjerne med størrelse. Me jobbar med å få til fleire leveringsstader i Kvam, og kjem med oppdatert informasjon etter kvart.
Førebels kan du levera hos
Grannehjelpa og
Biblioteket i Norheimsund,
Biblioteket i Strandebarm og
Biblioteket i Ålvik
Ein kan og sende det pr post til
Grannehjelpa, Sandvenvegen 1B, 5600 Norheimsund
Del på:
-
Bli med på tematreff!
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!
-
Bli med til Mauranger!
Grannehjelpa sine turgrupper arrangerer kvar haust ein større fellestur ut av kommunen. I år går turen til Mauranger! Bli med på tur til Bondhusvatnet, middag i Olaløo, og besøk på Gardsmuseet på Eikenes.
-
Turprogram for hausten 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i haust. Sjå nedanfor for detaljar og kvar gruppe sitt fulle program.
-
Ledig stilling: leiar for nytt integreringsprosjekt
Vil du jobbe med integrering og kontakt mellom familiar og barn i Kvam? Me treng deg til prosjektet «Kompisfamiliar i Kvam»; eit prosjekt innretta mot barn og familiar etter mønster av «KvammaKompis». Med atterhald av finansiering lyser Grannehjelpa, frivilligsentralen i Kvam, ut inntil 1 års engasjement som prosjektleiar, stillingsstorleik 50-100%.
-
Turgruppene sine turprogram for våren 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i vår. Sjå nedanfor for detaljar og fullt program.