Saman på nett
Korleis bruka digitale verktøy til organisert interaktivitet? Dette har frivilligsentralane og biblioteka i Kvam og Klepp med støtte av Gjensidigiestiftelsen prøvd ut gjennom prosjektet "Saman på nett".Våren 2020 stengde Noreg ned og me måtte avlysa og utsetja alle aktivitetar, til stor frustrasjon for oss som er knytt til frivilligsentralane og biblioteka. Samstundes gav denne nedstenginga oss moglegheit til å tenkja aktivitet på nye måtar. Frivilligsentralane og biblioteka i Kvam og Klepp gjekk saman og søkte og fekk innvilga tilskot frå Gjensidigestiftinga til prosjektet «Saman på nett».
Me har samla nokre av erfaringane våre mellom to permar, og håper dette kan vera til inspirasjon og nytte for andre. Her finn du den digitale utgåva: Veileder "Saman på nett"
Klepp sin presentasjon finn du her: Presentasjon fra Klepp
Kvam sin presentasjon av prosjektet Fellesskap for framtida: Bildepresentasjon av Fellesskap for framtida
Veronica Salinas sin presentasjon: Veronica Salinas sin presentasjon
Saman på nett veileder som pdf: Veileder Saman på nett
Instruksjonar i korleis å bruke Whereby finn du her: https://grannehjelpa.no/dokument?instruksjonar-for-bruk-av-whereby&Id=79219
Om du har spørsmål om prosjektet eller om du ønskjer veilederen i papirformat høyrer me gjerne frå deg.
Ann Kristin N. Hatletvedt, Klepp Frivilligsentral
Sidsel Haugen, Grannehjelpa—Frivilligsentralen i Kvam
Ragna Helene Soldal, Kvam Bibliotek
Aud Jorunn Haugen Hakestad, Klepp Bibliotek
Del på:
-
Bli med på tematreff!
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!
-
Bli med til Mauranger!
Grannehjelpa sine turgrupper arrangerer kvar haust ein større fellestur ut av kommunen. I år går turen til Mauranger! Bli med på tur til Bondhusvatnet, middag i Olaløo, og besøk på Gardsmuseet på Eikenes.
-
Turprogram for hausten 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i haust. Sjå nedanfor for detaljar og kvar gruppe sitt fulle program.
-
Ledig stilling: leiar for nytt integreringsprosjekt
Vil du jobbe med integrering og kontakt mellom familiar og barn i Kvam? Me treng deg til prosjektet «Kompisfamiliar i Kvam»; eit prosjekt innretta mot barn og familiar etter mønster av «KvammaKompis». Med atterhald av finansiering lyser Grannehjelpa, frivilligsentralen i Kvam, ut inntil 1 års engasjement som prosjektleiar, stillingsstorleik 50-100%.
-
Turgruppene sine turprogram for våren 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i vår. Sjå nedanfor for detaljar og fullt program.