Instruksjonar for bruk av Whereby

Nye tider krever nytenking og nye løysingar. Sjølv om me for tida ikkje kan møtast andlet til andlet, tyder ikkje det at me ikkje kan treffast. Me kan nemleg møtast på internett - der me både kan sjå og høyra kvarandre.

I samarbeid med Klepp Frivilligsentral, Klepp bibliotek og Kvam bibliotek, har Grannehjelpa fått innvilga midlar frå Gjensidigestiftinga til å utvikla møtestadar på digitale plattformer. Prosjektet har fått titelen Saman på nett, og har som føremål å skapa og opretthalda aktivitet, møteverksemd og sosial kontakt gjennom det neste året.

For å få til dette, har me valgt å nytta oss av møteplattformen Whereby. Whereby er ei nettbasert løysing som er lett tilgjengeleg på PC/Mac, nettbrett og mobiltelefon. Ein kan logga seg på anten via nettlesar eller app. Tenesta er svært brukarvenleg, og har enkle funksjonar.

Når du skal vera med på ein aktivitet eller møte på Whereby, vil du få tilsendt ei lenkje til det "rommet" der møtet tek stad.

Nedanfor finn du instruksjonar for bruk av Whereby på:

2024 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam