Saman på nett

Korleis bruka digitale verktøy til organisert interaktivitet? Dette har frivilligsentralane og biblioteka i Kvam og Klepp med støtte av Gjensidigiestiftelsen prøvd ut gjennom prosjektet "Saman på nett".

Våren 2020 stengde Noreg ned og me måtte avlysa og utsetja alle aktivitetar, til stor frustrasjon for oss som er knytt til frivilligsentralane og biblioteka. Samstundes gav denne nedstenginga oss moglegheit til å tenkja aktivitet på nye måtar. Frivilligsentralane og biblioteka i Kvam og Klepp gjekk saman og søkte og fekk innvilga tilskot frå Gjensidigestiftinga til prosjektet «Saman på nett».

Me har samla nokre av erfaringane våre mellom to permar, og håper dette kan vera til inspirasjon og nytte for andre. Her finn du den digitale utgåva: Veileder "Saman på nett"

Klepp sin presentasjon finn du her: Presentasjon fra Klepp

Kvam sin presentasjon av prosjektet Fellesskap for framtida: Bildepresentasjon av Fellesskap for framtida

Veronica Salinas sin presentasjon: Veronica Salinas sin presentasjon

Saman på nett veileder som pdf: Veileder Saman på nett

Instruksjonar i korleis å bruke Whereby finn du her: https://grannehjelpa.no/dokument?instruksjonar-for-bruk-av-whereby&Id=79219

Om du har spørsmål om prosjektet eller om du ønskjer veilederen i papirformat høyrer me gjerne frå deg.

Ann Kristin N. Hatletvedt, Klepp Frivilligsentral
Sidsel Haugen, Grannehjelpa—Frivilligsentralen i Kvam
Ragna Helene Soldal, Kvam Bibliotek
Aud Jorunn Haugen Hakestad, Klepp Bibliotek


Kontakt

Sandvenvegen 1B
5600 Norheimsund

Organisasjonsnummer
977084199

Sosiale media

2021 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam