Torsdag 3 Desember 2020
Kl. 12:00 - 14:00, Øystese Lunsj i lag på Kabuso
Torsdag 3. desember kan du vera med Grannehjelpa i Kabuso. Det vert omvisning i utstillinga før me et varm lunsj i lag etterpå. Hugs påmelding!

Torsdag 3. desember kan du vera med Grannehjelpa i Kabuso. Me møtast kl 12 for omvisning i utstillinga før me et lunsj saman i kafeen.

Me får sjå Nasjonalmuseet si utstilling der dei med skråblikk på eiga samling syner uventa fellestrekk mellom kunst, design og arkitektur. Visuelle nabolag utfordrar publikum til å utforska uventa møtepunkt mellom kunst, design og arkitektur som fordrar til nye kunsthistorier.

Etter omvisning vert det servert lapskaus med brød med påfølgjande kaffi og kake.

Pris kr 250,- pr person for omvisning og mat. 
Kontant betaling ved oppmøte. Det er avgrensa tal plassar (15), så her er det første-mann-til-mølla som gjeld.

Meld deg på via skjemaet nedanfor, eller send sms/epost til Grannehjelpa
Telefon: 480 72 456 / 901 22 688
Epost: helena@grannehjelpa.no

Besøket er i samarbeid med Folkeakademiet i Kvam

Velkomen!

Påmelding er stengt

Kontakt

Sandvenvegen 1B
5600 Norheimsund

Organisasjonsnummer
977084199

Sosiale media

2021 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam