Nytt tilbod: Lunsj i lag

I desember startar me ein ny aktivitet i Grannehjelpa: Lunsj i lag. Saman med lokale aktørar inviterer me til mat og prat i førjulstida.

"Møte mellom menneske" er frivilligsentralane sitt slagord. Me håpar at me med dette tilbodet kan bidra til gode opplevingar i ei førjulstid som kanskje er noko annleis enn vanleg. Me besøker Kabuso, Bjørketeigen gard og Thon Hotel Sandven. 

Det kostar frå kr 100,- til 250,-.
Påmelding til Grannehjelpa. Grunna smittevernhensyn er det avgrensa tal plassar.

Alle er hjarteleg velkomne!

Les meir her:
Torsdag 3. desember kl 12, Lunsj i lag i Kabuso
Fredag 11. desember kl 12, Lunsj i lag på Bjørkteigen gard
Torsdag 17. desember kl 12, Lunsj i lag på Sandven

Flere nyheter

Turprogram for våren 2026!

Turgruppene Fotalaget og Karatrakk har ferdigstilt turprogramma sine for våren 2026 - og her er det mange spanande og kjekke turmål i vente! Både Fotalaget og Karatrakk har plass til fleire turvener, så om du har tid og lyst, er det berre til å slengja seg med. Berre møt opp ved Spar i Norheimsund kl. 11 på tysdagar (for Fotalaget) eller onsdagar (for Karatrakk). Tilbodet er gratis, og ope for alle! (Det einaste ein betalar for, er køyrepengar dei gongane ein lyt nytta bil til startpunktet for turen - maks 50 kr,-.)

2026 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam