Vedtekter

Vedtekter

for Stiftinga Grannehjelpa, frivilligsentralen i Kvam

 

§ 1 NAMN

Stiftinga sitt namn er Grannehjelpa, oppretta som privat stifting 29.10.1996.

§ 2 FØREMÅL

Stiftinga Grannehjelpa er frivilligsentralen i Kvam.

Stiftinga Grannehjelpa har som føremål å styrkja den frivillige innsatsen i Kvam, og å stimulera grupper og einskildpersonar til å delta i frivillig arbeid gjennom å driva frivilligsentral.

Stiftinga vert driven i samsvar med dei lover og reglar som gjeld for alminnelege stiftingar,  samt eventuelle retningslinjer som departementet gjev i samband med statleg økonomisk tilskot.

§ 3 STYRET

Styret er samansett av 7 personar

  • 1 representant oppnemd av Kvam herad, med personleg vara.
  • 1 representant oppnemd av arbeidstakarorganisasjonane, med personleg vara.
  • 5 representantar frå frivillige lag, grupper eller einskilde som er aktive deltakarar, støttespelarar eller innskytarar i frivilligsentralen. For desse vert det valt 3 nummererte vararepresentantar.

Styret vert valt av årsmøtet. Styret vel sjølv nestleiar. Dagleg leiar har møteplikt, tale- og forslagsrett i styret.


Val

Styre- og varamedlemer må vera myndige.

Styremedlem vert valde for 2 år om gongen. Styreleiar blir vald for 1 år om gongen.

Varamedlem vert vald for 1 år om gongen.

Etter 6 år samanhangande som styre- eller varamedlem, kan ein ikkje veljast inn att før etter 2 år.


Myndigheit, ansvar og oppgåver

Styret er stiftinga sitt øvste organ.

Styret har ansvar for at sentralen vert driven etter vedtektene, og at stiftinga sitt føremål vert ivareteke.

Styret gjer vedtak i møte som fleirtalsvedtak. Styret er vedtaksført når minst halvparten av medlemene er til stades. Ved likt stemmetal har styreleiar dobbelstemme. I leiaren sitt fråvær gjeld dette nestleiar eller den som er vald til møteleiar. Protokoll vert godkjent på påfølgjande styremøte.

Styret er ansvarleg for Grannehjelpa sin økonomi. Rekneskapen skal fylgja kalenderåret og vera avslutta og revidert innan utgangen av februar.

Styret tilset dagleg leiar. Styreleiar er dagleg leiar sin næraste overordna.

Styret vedtek instruks for dagleg leiar og for styret.

§ 4 GENERALFORSAMLING

Generalforsamling skal haldast innan utgangen av mars kvart år. Innkalling og sakspapir skal vera tilgjengeleg 2 veker før årsmøtet.

Generalforsamlinga er ope for alle.

Desse har uttale- og stemmerett på årsmøtet: innskytarar av grunnkapital, frivillige i stiftinga, samarbeidande grupper og organisasjonar.

På møtet vert det valt møteleiar, referent, teljekorps og to representantar til å underteikna protokollen.

Generalforsamlinga skal velja styrerepresentantar:

  • Val av styreleiar for 1 år.
  • Val av styre- og vararepresentantar.
  • Val av 3 representantar til valkomité som føreslår styre- og varamedlemer.

Styret føreslår ny valkomité. Medlemer i valnemda vert vald for 3 år. Årsmøte vel leiar av komiteen.

Styret legg fram revidert årsmelding, årsrekneskap med revisorrapport, budsjett og handlingsplan for inneverande år til orientering for årsmøtet. Generalforsamlinga kan gje uttale og råd til styret.

§ 5 STIFTINGSKAPITAL

Stiftinga Grannehjelpa er ei alminneleg stifting med grunnkapital på kr 12 000,-.

Aktuelle innskytarar i stiftinga Grannehjelpa er ideelle/humanitære frivillige lag og organisasjonar i Kvam, Kvam herad, arbeidstakarorganisasjonar.

§ 6 OPPLØYSING

Oppløysing eller omdanning må skje i samsvar med Lov om stiftingar.

Vedtak om oppløysing kan berre skje i årsmøtet med 2/3 fleirtal av dei frammøtte med stemmerett. Endeleg vedtak vert gjort på ekstraordinær generalforsamling minst 3 månader etter førre generalforsamling.

Ved oppløysing skal årsmøtet velja eit avviklingsstyre som skal stå for den praktiske avviklinga. Dette styret skal ha minst 3 medlemer som har stemmerett på årsmøtet.

Ved oppløysing skal kapitalen som er igjen etter at kreditorane sine krav er dekka etter den nemde bestemminga, brukast på ein måte som er i samsvar med stiftinga sitt føremål eller eit beslekta føremål. Om dette ikkje er mogleg, skal kapitalen i staden gå til eit allmennyttig føremål.

2024 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam