Teieplikterklæring

Personer som tek oppdrag forGrannehjelpa må ha akseptert teieplikterklæring.

Teieplikterklæring

Som frivillig bind eg meg hermed til ikkje å bruke, åpenbara, utlevera eller på annan måte gjere tilgjengelig for uvedkomande informasjon om alle personlege opplysingar som eg er blitt kjend med i mitt arbeid i tilknytning til Grannehjelpa.

Eg vil og vise aktsemd i omtale av andre forhold som eg blir kjent med eller erfarer i arbeidet mitt.

Personlege opplysingar som er gitt av ein brukar i samband med sakshandsaming og/eller hjelpearbeid, kan etter samtykke frå brukaren brukast internt. 

Eg har lese dei lovbestemmelsane som er oppført i denne erklæringa. Eg er dermed klar over straffelovens kapittel 21 samt markedsføringslovens § 28 og § 29. Eg er kjend med at brot på desse lovene kan medføre straffeansvar.

Eg er også klar over at teieplikta gjeld både i den tida eg er knytt til Grannehjelpa og etter at engasjementet mitt er avslutta. 

Som frivillig forpliktar eg meg til å: 

  • melde frå når eg er sjyk, eller av annan grunn er hindra frå å koma. 
  • melde frå når noko ikkje fungerer 
  • melde frå når eg ikkje kan halde fram i engasjementet mitt , også ferie/ opphald 
  • melde frå når eg vil slutte

Eg er kjend med og godtek at kontaktperson (daglig leiar) har eit oppfølgingsansvar og dermed har krav på å høyre korleis kontakten med brukaren går. 

Relevante lovstader

Teieplikta sitt omfang

Teieplikta omfattar helse- og sjukdomsforhold, kjensleliv, livssyn, og religion, familieforhold og slektskap, utdanning, haldningar, arbeid og økonomisk situasjon, fødestad, personnummer, statsborgarskap, yrke, bustad og arbeidstad, - når brukaren gjev opplysingar til dagleg leiar, frivillig hjelpar, eller styret, som ledd i hjelpearbeidet, og når vidareformidling kan medføre skadeverknad for den det gjeld.

Bruk på nett

Teiepliktserklæringa gjeld og dersom den frivillige har bekrefta at den er akseptert på ei nettside.

2022 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam