Teieplikterklæring

Personar som tek oppdrag for Grannehjelpa må ha akseptert teieplikterklæring.

Teieplikterklæring

Som frivillig bind eg meg med dette til ikkje å bruka, utlevera eller på annan måte gjera tilgjengelig for uvedkomande informasjon om alle personlege opplysingar som eg er blitt kjend med i mitt arbeid i tilknytning til Grannehjelpa.

Eg vil og visa aktsemd i omtale av andre forhold som eg blir kjent med eller erfarer i arbeidet mitt.

Personlege opplysingar som er gitt av ein brukar i samband med sakshandsaming og/eller hjelpearbeid, kan etter samtykke frå brukaren brukast internt. 

Eg har lese dei lovbestemmelsane som er oppført i denne erklæringa. Eg er dermed klar over straffelovens kapittel 21 samt markedsføringslovens § 28 og § 29. Eg er kjend med at brot på desse lovene kan medføra straffeansvar.

Eg er også klar over at teieplikta gjeld både i den tida eg er knytt til Grannehjelpa og etter at engasjementet mitt er avslutta. 

Som frivillig pliktar eg meg til å: 

  • melda frå når eg er sjuk, eller av annan grunn er hindra frå å koma
  • melda frå når noko ikkje fungerer 
  • melda frå når eg ikkje kan halda fram i engasjementet mitt, også ferie/opphald 
  • melda frå når eg vil slutta

Eg er kjend med og godtek at kontaktperson (dagleg leiar) har eit oppfølgingsansvar og dermed har krav på å høyra korleis kontakten med brukaren går. 

Relevante lovstader

Teieplikta sitt omfang

Teieplikta omfattar helse- og sjukdomsforhold, kjensleliv, livssyn, og religion, familieforhold og slektskap, utdanning, haldningar, arbeid og økonomisk situasjon, fødestad, personnummer, statsborgarskap, yrke, bustad og arbeidstad, - når brukaren gjev opplysingar til dagleg leiar, frivillig hjelpar, eller styret, som ledd i hjelpearbeidet, og når vidareformidling kan medføra skadeverknad for den det gjeld.

Bruk på nett

Teieplikterklæringa gjeld og dersom den frivillige har bekrefta at den er akseptert på ei nettside.

2025 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam