-
Styret
Styret i Stiftinga Grannehjelpa vert vald av Generalforsamlinga kvart år.
Søkja tilskot
Nasjonale tilskotsordningar
- Gjensidigestiftinga gjev stønad til prosjekt innan fem ulike område: tryggleik, meistring og læring, sosial inkludering og mangfald, fysisk aktivitet, og kosthald.
Du kan lesa meir om ordninga og søkjarkriteria på: gjensidigestiftelsen.no. - Ekstrastiftinga er frivilligheita si eiga stifting. Stiftinga gjev tilskot til prosjekt og forsking som fremjar fysisk og psykisk helse, meistring og livskvalitet.
Du kan læra meir om retningslinene på: extrastiftelsen.no. - Frifond gjev tilskot til aktivitetar for barn og unge. For å få innvilga stønad må aktiviteten vera open og inkluderande, og gjennomførast ved frivillig innsats.
Les meir om stønadsordninga på: frifond.no. - Regjeringa har fleire statlege tilskotsordningar for frivillige organisasjonar.
For å sjå ein oversikt over desse, kan du klikka deg inn på: regjeringen.no – Statlige tilskudd for frivillige organisasjoner.
Regionale tilskotsordningar
- Hardanger Kulturråd gjev økonomiske midlar til kulturtiltak som fremjar samhald, samhandling og næringsutvikling, og styrkjer «Hardangerkjensla».
Lær meir om kulturfondet på: hardanger.com – Hardanger Kulturråd. - Hordaland fylkeskommune har ulike tilskotsordningar innan fleire område, deriblant folkehelse, kultur, idrett og friluftsliv.
Sjå hordaland.no – Tilskot og søknadar for ein fullstendig oversikt. - Sparebankstiftinga Hardanger deler ut tilskot til investeringar, tiltak og prosjekt som har varig verdi i lokalsamfunnet, og som er av ålmenn nytte.
Meir informasjon om gåvefondet og retningslinene, finn du på: hardangerstiftinga.no – Gåvefond. - Sparebanken Vest sine ålmennyttige midlar er retta mot fire satsingsområde: oppvekst og utdanning, næring, idrett og kultur.
Les meir på: spv.no – Samfunnsnyttige midler.
Lokale tilskotsordningar
- Kvam Herad har fleire tilskotsordningar for lag og organisasjonar innan ulike område.
Oversikt over desse, er å finna på: kvam.no – Kommunale tilskot.
Momskompensasjon
- Lotteri- og stiftelsestilsynet gjev kompensasjonar for meirverdiavgift som frivillige organisasjonar har hatt det føregåande året.
Finn ut om laget eller organisasjonen din kan søkja på: lottstift.no
Del på:
Annen informasjon