-
Styret
Styret i Stiftinga Grannehjelpa vert vald av Generalforsamlinga kvart år.
Vedtekter
Vedteke 27. mars 2025
VEDTEKTER FOR GRANNEHJELPA
§ 1 Namn |
NAMN
Stiftinga sitt namn er Grannehjelpa, oppretta som privat stifting, 29.10.96.
§ 2 Føremål |
FØREMÅL
Stiftinga Grannehjelpa har som føremål å styrkja den frivillige innsatsen i Kvam, og å stimulera grupper og einskildpersonar til å delta i frivillig arbeid gjennom å driva frivilligsentral.
”Retningsliner for frivilligsentralar/nærmiljøsentralar” gjeve av Kyrkje og Kultur departementet (KKD), og ”Lov om stiftelser” (stiftelsesloven), er retningsgjevande for drifta.
Styret legg kvart år fram ein aktivitetsplan i samsvar med føremålet.
§ 3 Styret |
Styret er samansett av 7 personar.
- 2 representantar oppnemnde av Kvam herad og arbeidstakarorganisasjonane, med eigne vararepresentantar.
- 5 representantar frå frivillige lag, grupper eller einskilde som er aktive deltakarar, støttespelarar eller innskytarar i frivilligsentralen sitt arbeid. For desse vert det valt 3 nummererte vararepresentantar.
Styret vert valt av årsmøtet. Styret vel sjølv nestleiar. Dagleg leiar i Grannehjelpa har møte-, tale- og forslagsrett i styret.
Styre- og varamedlemer må vera myndige. Styremedlem vert valde for 2 år om gongen, varamedlem for eit år. Det er mogeleg å verta attvald for nye 2 år. Etter 4 år i styret kan ein ikkje veljast inn att før etter 2 år. Varamedlemer kan veljast inn i styret etter 4 år som varamedlem, eller 2 år som varamedlem og 2 år som medlem i styret samanhengande.
Styreoppgåver:
Styret har ansvar for at sentralen vert driven etter vedtektene.
Styret tilset dagleg leiar, og om nødvendig anna løna personale til å stå for drifta av sentralen. Styreleiar er tilsette sin næraste overordna.
Arbeidsplan for dagleg leiar vert utarbeidd og vedteken av styret.
Dagleg leiar fungerer som sekretær og sakshandsamar, i samarbeid med styreleiar.
Styret gjer vedtak i møte som fleirtalsvedtak. Styret er vedtaksført når minst halvparten av medlemene er tilstades. Ved likt stemmetal har styreleiar dobbelstemme. I leiaren sitt fråvær gjeld dette nestleiar eller den som er vald til møteleiar. Referat vert godkjent på påfølgjande styremøte.
Styret er ansvarleg for Grannehjelpa sin økonomi. Rekneskapen skal fylgja kalenderåret og vera avslutta og revidert innan utgangen av februar.
§ 4 Årsmøtet |
ÅRSMØTET
Årsmøtet er organ for val av nytt styre.
Årsmøtet er ope for alle med interesse for frivillig arbeid.
Desse har uttale- og stemmerett på årsmøtet: innskytarar av grunnkapital, frivillige i stiftinga, samarbeidande grupper og organisasjonar.
Årsmøtet skal haldast innan midten av mars kvart år.
På møtet vert det valt møteleiar, referent, teljekorps og to representantar til å underteikna protokollen.
Årsmøtet skal gjera fyljande val:
- Val av styreleiar for 1 år.
- Val av inntil 3 representantar til styret og inntil 2 vararepresentantar. Representantar til styret velgast for 2 år, vararepresentantar for eit år.
- I tillegg oppnemner Kvam herad 1 representant med vararepresentant, og arbeidstakarorganisasjonane 1 felles representant med vararepresentant.
- Valkomité: 3 representantar for 1 år. Ein av representantane skal vera leiar og kalla inn til møte.
Styret legg fram årsmelding, rekneskap med revisorrapport, budsjett og handlingsplan for inneverande år for årsmøtet. Årsmøtet kan gje uttale og råd til styret.
§ 5 Stiftingskapital |
STIFTINGSKAPITAL
Stiftinga Grannehjelpa er ei alminneleg stifting med grunnkapital på kr 12 000,-.
Aktuelle innskytarar i stiftinga Grannehjelpa er ideelle/humanitære frivillige lag og organisasjonar i Kvam, Kvam herad, arbeidstakarorganisasjonar. Alle står fritt til å bidra med grunnkapital.
Driftskapital: Grunnlag for drifta av Grannehjelpa er tilskot frå Kyrkje- og kulturdepartementet, Kvam herad, prosjektmidlar frå ulike fond og ev. andre bidragsytarar.
§ 6 Endring av vedtekter |
ENDRING AV VEDTEKTER
Endringar av desse vedtektene kan berre gjerast av Generalforsamlinga når framlegg om vedtektsendring er meldt som sak innan fristen og vedtak om endring vert gjort med 2/3 fleirtal.
§ 7 Oppløysing |
OPPLØYSING
Ved oppløysing skal midlar nyttast i tråd med føremål og målsetjingar, ev. liknande føremål i Kvam herad. Ved oppløysing skal årsmøtet velja eit avviklingsstyre som skal stå for den praktiske avviklinga. Dette styret skal ha minst 3 medlemer som har stemmerett på årsmøtet.
Vedtak om oppløysing kan berre skje i årsmøtet med 2/3 fleirtal av dei frammøtte med stemmerett. Endeleg vedtak vert gjort på ekstraordinert årsmøte minst 3 md. etter førre årsmøte.
--------------------------------------------------------------
Vedlegg til vedtektene:
Kven har stemmerett på årsmøtet?
Støttespelarar som
- har bidratt med grunnkapital jf tidlegare eigarar. (Det er framleis høve til å skyta inn grunnkapital.)
- frivillige medarbeidarar i stiftinga. Alle som er registrert som frivillig i Grannehjelpa har stemmerett på årsmøtet.
- grupper, lag og organisasjonar som samarbeider med Grannehjelpa om aktivitetar og tenester. Samarbeid om tiltak og aktivitetar gjev stemmerett på årsmøtet. T.d. alle som har gått Natteravn siste år, har stemmerett.
Tvilstilfelle skal avgjerast av årsmøtet.
Innkalling:
Innskytarar av grunnkapitel, registerte frivillige og aktive samarbeidspartar får tilsendt innkalling og sakspapir 2 veker før årsmøtet. Alle andre får sakspapir tilsendt ved førespurnad. Årsmøtet vert kunngjort i lokalavisa.