Vil du vera med og påverka din eigen alderdom?

Eldrereforma "Leve hele livet" er regjeringa si hovudsatsing for at eldre kan meistra livet lenger, og ha ein trygg, aktiv og verdig alderdom. Kvam herad er i gang med å laga ein strategiplan for reforma, og ynskjer i det høvet ein brei medverknad i prosessen. Dette tyder at nettopp du kan vera med og påverka din eigen og andre sin alderdom.
Under tematreff på internett torsdag 11. mars, fekk me besøk av Kvam herad som presenterte eldrereforma Leve hele livet. Folkehelsekoordinator Reidun Braut Kjosås og leiar for helse og omsorg, Åslaug Bøhn Botnen, fortalte om bakgrunnen for arbeidet, og korleis dei jobbar med reforma. Vidare, uttrykte dei eit ynskje om innspel til den vidare prosessen.

For å få samla inn tankar, idéar og meiningar frå så mange kvemmingar som mogleg, har dei laga ei open spørjeundersøking.

Følg lenkja under, og bli med og bestem korleis framtidas alderdom skal sjå ut.

Spørjeundersøkinga er sjølvsagt heilt anonym, og du kan svara på så mange eller få spørsmål som du sjølv ynskjer.

Kontakt

Sandvenvegen 1B
5600 Norheimsund

Organisasjonsnummer
977084199

Sosiale media

2021 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam