Turgruppene sitt turprogram for våren 2021

Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i vår. Sjå nedanfor for tidspunkt og fullt program.

For at turane skal vera trygge for både deltakarar og turleiar, er det viktig at alle følgjer smittevernreglane. Per dags dato gjeld følgjande:

  • Alle deltakarar må vera friske og ha god allmenntilstand (ein kan ikkje vera med dersom ein har fått påvist korona, er i karantene, eller har symptom på sjukdom).
  • Alle som ikkje tilhøyrer same husstand, må halda éin meter avstand.
  • Unngå handhelsing, klemming og all annan form for fysisk kontakt.
  • Alle må sjølve ta med det dei treng av personleg utstyr - det skal ikkje delast på utstyr innad i gruppa.
  • Ta med eigen mat og drikke.
  • Dersom det vert aktuelt å køyra til turens startpunkt, er det tilrådd at alle nyttar munnbind, og at ein held éin meters avstand gjennom heile reisa. Unngå også kontakt andlet til andlet. Ein kan vera maks tre personar i kvar bil - to framme og éin bak.





GOD TUR!

Kontakt

Sandvenvegen 1B
5600 Norheimsund

Organisasjonsnummer
977084199

Sosiale media

2021 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam