Nyfiken på dei nybakte bygdemødrene i Kvam?

Les meir om dei nybakte bygdemødrene i desse artiklane frå Hordaland Folkeblad frå fredag 4. desember og tysdag 8. desember.

Dei 11 kvinnene som har gjennomgått det 10 vekers lange kurset, har no fått tittelen "Bygdemor". Gjennom kurset har dei fått møte fagpersonar frå mellom anna lokalt skule- og helsevesen, Nav, barnevern og mange andre samfunnsområde. Frametter skal dei arbeide frivillig med å dela kunnskapen dei har fått med andre i sine nettverk. Bygdemødrene er nøkkelpersonar med unik språkleg og kulturell kompetanse som kan bidra til å spreie viktig informasjon i lokalsamfunnet. 

Bydelsmor Norge og Likestillingssenteret KUN inviterte rett før sommaren Grannehjelpa til å vera med i dette pilotprosjektet som inkluderar tre andre kommunar i Norge; Grong, Levanger og Drammen. Kvam er først ut.

Prosjektleiar i Grannehjelpa er Rut Oppedal Rasmussen, som fortel at engasjementet hos deltakarane har vore heilt upåklagelig. Ho peikar vidare på det gode samarbeidet med dei ulike tenestene i Kvam herad som har bidrege med fagleg innhald, og sist men ikkje minst dei frivillige medarbeidarane som har vore til uvurderleg hjelp i praktisk gjennomføring.

Vil du har kontakt med ei bygdemor? Send epost eller ring/sms til rut@grannehjelpa.no telefon 913 66 184 så formidlar ho kontakt.

Kontakt

Sandvenvegen 1B
5600 Norheimsund

Organisasjonsnummer
977084199

Sosiale media

2021 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam