Me treng frivillige til aktivitetstilbod til barn og unge
Det er viktig at barn og unge har eit aktivitetstilbod i skuleferien. Det er EKSTRA viktig denne sommaren når mange skal vera heima i Kvam. Barn og unge i alderen 11 til 18 år får dette året tilbod om ulike aktivitetar i veke 25, 26 og 27.Dette året har me ekstra behov for vaksne frivillige som kan vera med å skape trygge rammer for barna gjennom og bidra til ivaretaking av mellom anna smittevern. Kan du vera "vakt", hjelpe til med tilbereding og servering av mat (lunsj) ein eller fleire dagar i veke 25 og 26 vil me gjerne høyre frå deg.
Ta kontakt med oss på epost post@grannehjlepa eller telefon/sms 90 12 26 88
eller, klikk på denne lenka: https://frivillig.no/grannehjelpa-frivilligsentralen-i-kvam/skape-trygge-rammer-rundt-aktivitet-for-barn-og-unge
Del på:
-
Bli med på tematreff!
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!
-
Bli med til Mauranger!
Grannehjelpa sine turgrupper arrangerer kvar haust ein større fellestur ut av kommunen. I år går turen til Mauranger! Bli med på tur til Bondhusvatnet, middag i Olaløo, og besøk på Gardsmuseet på Eikenes.
-
Turprogram for hausten 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i haust. Sjå nedanfor for detaljar og kvar gruppe sitt fulle program.
-
Ledig stilling: leiar for nytt integreringsprosjekt
Vil du jobbe med integrering og kontakt mellom familiar og barn i Kvam? Me treng deg til prosjektet «Kompisfamiliar i Kvam»; eit prosjekt innretta mot barn og familiar etter mønster av «KvammaKompis». Med atterhald av finansiering lyser Grannehjelpa, frivilligsentralen i Kvam, ut inntil 1 års engasjement som prosjektleiar, stillingsstorleik 50-100%.
-
Turgruppene sine turprogram for våren 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i vår. Sjå nedanfor for detaljar og fullt program.