Kjøleskåpsgraut, oppskrifter

Var du med på tematreff i Torefjell onsdag 25. november og vil ha oppskrifter på kjøleskapsgraut? Då må du klikke deg inn her.

Det finnes ei rekkje oppskrifter på kjøleskapsgraut, eller over-natta-graut som det og vert kalla Du kan google "kjøleskapsgrøt" (får oftast fleire treff om ein brukar bokmål), eller du kan gå til nettsidene Matprat, Tine eller Melk

Basisoppskrift 1-2 porsjonar:
2 dl havregryn
2 dl melk (du kan gjerne bruke Biola, havremjelk, mandelmjelk eller kokosmjelk)
Eventuelt ein klype salt

Ein kan tilsetje yoghurt, kesam, cottage cheese, kefir om ein vil (dette kan du og blande inn før du et den etter at den har stått kaldt over natta).
Ein kan bruke søtning som sukker, flytende honning, brunt sukker eller kunstig søtning.
Ein kan tilsetje frø, nøtter, tørka frukt eller frosne bær.
Ein kan bruke smakstilsetjing som kanel, kakao, sitronsaft, sitronskall, appelsinsaft, sjokolade, vaniljestang. 

La grøten stå under lokk i kjøleskåp minst 6 timar, helst over natta.
Rør i grauten før du pynter med bær, frisk frukt, gulrot, nøtter, frø, frukt, syltetøy eller anna du måtta ha i skuffer og skåp.

Hans Soldal si oppskrift:
1dl store havregryn
1dl mjelk
1 dl yoghurt (veldig gjerne vanilje)
¼ ts salt
1 ts søtning (sukrin)
La stå over natta.
Pynt med bær eller frukt på toppen før du nyt

Håpar de smakar!

Kontakt

Sandvenvegen 1B
5600 Norheimsund

Organisasjonsnummer
977084199

Sosiale media

2021 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam