Frå Håvamål til rosemalte selfies - les alle dikta her!
Har du tenkt til å vera med på tematreffet "Frå Håvamål til rosemalte selfies", og kunne tenkt deg å lesa dikta på førehand? Klikk på lenkja under, og få opp alle tekstane som Randi Jåstad og Ragna Helene Soldal skal presentera!Trykk her for å lesa alle dikta: Frå Håvamål til rosemalte selfies - dikt i 1000 år.
Arrangementet tek stad torsdag 4. februar kl. 18 på internett. Du kan vera med ved å gå inn på denne nettadressa: https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell
Her vert det både høgtlesing og synging av dikt, litt tolking, og mykje god samtale.
Velkomen!
Del på:
-
Bli med på tematreff!
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!
-
Bli med til Mauranger!
Grannehjelpa sine turgrupper arrangerer kvar haust ein større fellestur ut av kommunen. I år går turen til Mauranger! Bli med på tur til Bondhusvatnet, middag i Olaløo, og besøk på Gardsmuseet på Eikenes.
-
Turprogram for hausten 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i haust. Sjå nedanfor for detaljar og kvar gruppe sitt fulle program.
-
Ledig stilling: leiar for nytt integreringsprosjekt
Vil du jobbe med integrering og kontakt mellom familiar og barn i Kvam? Me treng deg til prosjektet «Kompisfamiliar i Kvam»; eit prosjekt innretta mot barn og familiar etter mønster av «KvammaKompis». Med atterhald av finansiering lyser Grannehjelpa, frivilligsentralen i Kvam, ut inntil 1 års engasjement som prosjektleiar, stillingsstorleik 50-100%.
-
Turgruppene sine turprogram for våren 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i vår. Sjå nedanfor for detaljar og fullt program.