Dikt i vilden sky - les alle dikta her!

Har du tenkt til å vera med på tematreffet "Dikt i vilden sky - del to av Dikt i 1000 år", og kunne tenkt deg å lesa dikta på førehand? Klikk på lenkja under, og få opp alle tekstane som Randi Jåstad og Ragna Helene Soldal skal presentera!

Trykk her for å lesa alle dikta: Dikt i vilden sky - del to av Dikt i 1000 år.

Arrangementet tek stad torsdag 18. februar kl. 18 på internett. Du kan vera med ved å gå inn på denne nettadressa: https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell

Her vert det både høgtlesing og synging av dikt, litt tolking, og mykje god samtale.

Velkomen!

Flere nyheter

Bli ein Vennefamilie

Me søkjer etter fleire familiar - både store og små - som har lyst til å vera med i Vennefamilie-prosjektet vårt. Å vera Vennefamilie er sosialt, lærerikt, og veldig kjekt. Ikkje berre får de bli kjend med ein familie de kanskje ikkje kjenner så godt frå før, men de får også tilbod om å vera med på kjekke familieaktivitetar, og små utflukter. Les meir om prosjektet i plansjen under, og ta kontakt med Sarifa dersom de lurer på noko, eller ynskjer å melda dykk på.

2024 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam