Brenn du for frivilligheit og lokalsamfunn? Grannehjelpa søkjer ny dagleg leiar

Er du oppteken av frivillig arbeid og likar å jobbe med menneske? Vår daglege leiar gjennom 10 år sluttar, og vi søker etter ny dagleg leiar i fortrinnsvis 100% stilling. Søknadsfrist 1. mai.

Stiftinga Grannehjelpa er frivilligsentralen i Kvam og ein del av nettverket med 460 frivilligsentralar i Noreg. Frivilligsentralen skal vera eit kraftsenter, kontaktpunkt og møteplass for menneske, frivillige lag og det offentlege, open for alle som har lyst til å vera med. Viktige område for Grannehjelpa er integrering og inkludering, aktivitet på eldreinstitusjon og møteplassar. Sentralen har 1,55 stilling, har heile kommunen som arbeidsfelt og samarbeider både med offentlege og frivillige aktørar. Dagleg leiar har ei nøkkelrolle i organisasjonen og rapporterer til styret. Vår daglege leiar gjennom 10 år sluttar, og vi søker etter ny dagleg leiar i fortrinnsvis 100% stilling.

Dagleg leiar har ansvar for dagleg drift, administrasjon og økonomi som inneber:

  • Rekruttering, organisering og oppfølging av frivillige, som er den viktigaste ressursen til sentralen.
  • Marknadsføring og informasjonsarbeid ; drift av heimeside og sosiale media
  • Koordinering av aktivitet og arrangement
  • Prosjektutvikling og gjennomføring av prosjekt.
  • Drift og vidareutvikling av sentralens mange tilbod og aktivitetar.
  • Dagleg leiar er sekretær for styret og rapporterer til styret.

Vi søkjer etter deg som

  • Er strukturert, sjølvstendig og med god gjennomføringsevne
  • Er synleg, har gode kommunikasjonsevner og inspirerer til samarbeid
  • Er kreativ, ide- og initiativrik, løysingsorientert
  • ·Liker å jobbe med menneske 
  • Kan like å ha mange ballar i lufta samtidig
  • Er fortruleg med å bruke dataverktøy
  • Har relevant utdanning og erfaring, gjerne frå frivillig arbeid
  • Førarkort klasse B

Vi tilbyr ein spanande jobb med varierte og utfordrande oppgåver. Kurs og kunnskapsutvikling. Løn etter avtale. Tilsetjing snarast. Spørsmål kan rettast til dagleg leiar Sidsel Haugen 901 22 688, eller styreleiar Kari Mostad 916 24 056. Søknad med CV vert sendt til Grannehjelpa på e-post: post@grannehjelpa.no, eller Grannehjelpa, Sandvenvegen 1B, 5600 Norheimsund, innan 1.mai. 

www.grannehjelpa.no
https://frivilligsentral.no/

Kontakt

Sandvenvegen 1B
5600 Norheimsund

Organisasjonsnummer
977084199

Sosiale media

2021 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam