Bli med på Grannehjelpa sin adventskalender!

Bli med på Grannehjelpa sin adventskalender, og ver med i trekninga av gåvekort!

Tradisjonen tru, har Grannehjelpa også i år ein eigen adventskalender. Denne gongen i form av ein quiz. Quizen består av 24 spørsmål - eitt spørsmål per dag fram til julaftan. Ved å ta vare på éin bokstav i svaret kvar dag, vil du til slutt sitja att med ein setning. Denne er løysinga på heile quizen, og kan sendast inn til oss, dersom du vil vera med i trekninga av eitt av fire gåvekort. Gåvekorta du kan vinna er frå Felleskjøpet og Huus Bok og Papir i Øystese, og Nille og Lokalen i Norheimsund.

Slik kan du vera med:
Dersom du er på Facebook, kan du bli medlem av gruppa "Møteplassen Grannehjelpa". Der vert det lagt ut éi luke kvar dag. Finn svaret på spørsmålet, og ta vare på den bokstaven som oppgåva seier. Den 24. desember vil du ha låst opp alle bokstavane, og funne setninga.

Dersom du ikkje har Facebook, vil alle spørsmåla bli lagt ut på denne nettsida (www.grannehjelpa.no) den 24. desember.

Når du har funne løysingssetninga, kan du senda denne inn til oss, saman med namn, innan 29. desember kl. 23.59. Svaret kan sendast på e-post til helena@grannehjelpa.no eller på SMS til 480 72 456. Trekninga tek stad den 30. desember.



Lukke til!

Kontakt

Sandvenvegen 1B
5600 Norheimsund

Organisasjonsnummer
977084199

Sosiale media

2021 © Grannehjelpa, Frivilligsentralen i Kvam