Årsmelding 2020
Nyfiken på kva Grannehjelpa hadde føre seg i 2020? Ta gjerne ein kikk i årsmeldinga vår.Du kan lese den digitalt ved å klikke her: Grannehjelpa årsmelding 2020
eller, du kan ta turen innom oss i Sandvenvegen 1B og hente papirkopien.
Alle med interesser for frivillig arbeid er hjarteleg velkomne til
Stiftinga Grannehjelpa kallar inn til generalforsamling onsdag 7. april kl 18
Møte vert gjennomført digital på Whereby: https://grannehjelpa.whereby.com/torefjell
Vanlege årsmøtesaker og val. Saker må vera i hende innan 26. mars. Fullstendig saksliste og årsmøtepapir kan hentast hos Grannehjelpa. Me innleiar møte med kaffi, kake og dialog kring tema «Fellesskap for framtida». Er du nyfiken på kva som skjer i Grannehjelpa? Då håpar me du nyttar høve og kjem.
Del på:
-
Bli med på tematreff!
Tematreff i Torefjell er eit tilbod sosiale og interaktive aktivitetar som tek stad på den digitale møteplattformen Whereby. Tematreffa kan omfatta kulturarrangement, føredrag og kurs, eller matlaging, trening og sosialt samkome. Aktivitet og tema varierer frå gong til gong, så her skal det vera noko for ein kvar smak!
-
Bli med til Mauranger!
Grannehjelpa sine turgrupper arrangerer kvar haust ein større fellestur ut av kommunen. I år går turen til Mauranger! Bli med på tur til Bondhusvatnet, middag i Olaløo, og besøk på Gardsmuseet på Eikenes.
-
Turprogram for hausten 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i haust. Sjå nedanfor for detaljar og kvar gruppe sitt fulle program.
-
Ledig stilling: leiar for nytt integreringsprosjekt
Vil du jobbe med integrering og kontakt mellom familiar og barn i Kvam? Me treng deg til prosjektet «Kompisfamiliar i Kvam»; eit prosjekt innretta mot barn og familiar etter mønster av «KvammaKompis». Med atterhald av finansiering lyser Grannehjelpa, frivilligsentralen i Kvam, ut inntil 1 års engasjement som prosjektleiar, stillingsstorleik 50-100%.
-
Turgruppene sine turprogram for våren 2023
Turgruppene Fotalaget, Trakkatrimmen og Karatrakk held fram også i vår. Sjå nedanfor for detaljar og fullt program.